Anne Lise og Bjørg: PC, e-post og www

25 år - ingen har jobba i Vestlandsforsking heile denne tida, men me som er i administrasjonen har vore her lenge. Så lenge at me har opplevd pionærtida ved VF og sett endringane undervegs. Her er eit lite tilbakeblikk.

Anne Lise Uglum Skaar og Bjørg Haukereid:

Me starta i Guro-Ness-bygget i Sogndal sentrum i 1985, ei vanleg leilegheit som me delte med Høgskulestyret.  Me hadde skrivemaskin med kulehove og rettetast.  Etter kvart fekk me pc med to diskettstasjonar, ein til oppstart og ein til å jobbe på.  Svære greie og eit litt mystisk og farleg hjelpemiddel tykte me.  Ingen hadde nokon særleg erfaring med edb som det heitte, heller ikkje dei som selde slikt utstyr og som skulle hjelpe oss i gang.  Me laga dokument på 4 sider som når me åpna pc-en neste gong var blitt til eit dokument på 64 sider.  Merkelege greier, nesten magisk.

Me var to tilsette i Høgskulestyret og fire i Vestlandsforsking.  Me blei fleire og måtte ha større plass.  Så blei det Loftesnes pensjonat. Nesten alle kontor med eigen dusj og toalett og restaurant i første etasje. Det var flott. 

Om morgonen var det samling på vårt kontor etter kvart som folk kom på jobb.  Me røykte og folk som kom innom røykte. Det var tett, så tett at det er heilt uforståeleg i dag at me kunne jobbe der.  Men koseleg. 

Reglar  blei laga etter kvart, og vi må ærleg innrømme at me i adm. nokre gonger retta litt her og der.  M.a. tykte me at arbeidstida dagen før skjærtorsdag var litt lang, så me korta den ned litt.  Det har me stor glede av i dag.

Høgskulestyret hadde som oftast att litt pengar i desember og det var då dei store innkjøpa blei gjorde, m.a. ein utruleg flott skrivar. Skrivaren sto for det meste i ro, æ ,ø ,å var problematiske bokstavar og å skrive forskingsrapportar utan desse bokstavane var vanskeleg.  Men fin var den, og dyr. 

Skrivaren var så dyr at me tykte det var forferdeleg at me ikkje kunne bruka den. Me tilkalla ekspertise frå eit dataselskap i bygda.  Ekspertisen kom og  sa at me måtte rista på ledningane, det skulle hjelpe.  Me rista og rista, men til inga nytte.  Æ, ø, og å var framleis for det meste fråverande. 

Me fekk også fax.  Den sto ubrukt i eit år før nokon i det heile torde å bruke den.  Då kom plutseleg nokon frå Høgskulen som hadde høyrt at me hadde fax og lurte på om dei kunne låne den.  Etter det losna det litt.  Me var langt framme teknologisk.

VF voks og voks, i 1988 var også Loftesnes i ferd med å bli for lite og me flytta til Stenehjemsbygget.  Dei neste åra blei me store, over 30 tilsette i periodar.  Me var i ferd med å bli ”proffe”, utstyr og programvare blei bra og oppdraga blei større og gjekk over lengre periodar. 

Hausten 1991 flytta me til Fossetunet. På denne tida var det mange nye og unge folk som jobba ved VF.  Arbeidsplassen vart nærast ein sosial samlingsstad også utanfor arbeidstida, og det var folk på kontoret døgnet rundt.  Var du selskapssjuk  ein kveld eller i helgane kunne du berre ta deg ein tur på jobb. Der var det alltid folk.

I 1995 hadde me fått e-post. Det var fantastisk.  Me hadde akkurat tilsett ein forskar som studerte i USA, Ingjerd Skogseid, og e-posten til ho var den første me i administrasjonen sende til utlandet.  Me fekk også svar,  og rista berre på hovudet over kor utruleg dette var.

So byrja folk å snakke om www og nettsider.  Dette var også noko heilt nytt. Tidleg i 1996 vedtok leiargruppa at VF skulle ha presentasjonssider på Internet.  Nettsida vart lansert i slutten av 1996 og var vel det me kan kalla ganske enkel.

Vår første nettside

I eit internt skriv få 1997 ser vi at vi også hadde fått digitalt kamera.  Her står det fylgjande oppskrift for bruk: ”Digitalkameraet bruker ein som eit ”vanleg kamera”, men overfører bileta med leidning til datamaskina via medfølgjande programvare”.

I 1998 var vi  gjennom den siste store flyttesjauen, frå Fossetunet til Fosshaugane Campus, og me håpar det er den siste. 

I løpet av dei åra me har jobba her har me vore med på både oppturar og nedturar.  Oppturane er lette å ta, nedturane har vore arbeidsame og slitsame.  Dårlege tider betyr mykje ekstra arbeid, ein sliten arbeidsstokk og mykje frustrasjon.  Likevel, ved Vestlandsforsking har det vore ein enorm vilje til å ta eit ekstra tak når det bles som verst, og vi har alltid komme oss opp att.

Bruk av ny teknologi er vel det som har endra seg mest i den tida me har jobba her.  Me starta med å skriva brev på skrivemaskin med ein raud og ein grøn kopi, og no svevar dokumenta rundt i skya og ligg på ulike maskiner rundt omkring.  Av og til lurer me likevel litt på kva som ga/gir best oversyn.

Det at me har jobba her i så mange år seier vel sitt – Vestlandsforsking har vore og er ein god og interessant arbeidsplass med stadig nye utfordringar. Reknar med at Vf må slita med oss nokre år til.

Anne Lise og Bjørg