VF med handbok om biodiesel frå avfall

Som ein del av EU-prosjektet BioDieNet har Vestlandsforsking laga ei handbok om lokal utnytting av brukt matolje til biodieselproduksjon. Handboka går gjennom faktorar som produsentar av biodiesel frå brukt matolje bør kjenne til.  Dette inkluderer innsamlingssystema for brukt matolje, kvalitet og kvalitetstandardar, produksjonsanlegg, lovgiving, finansiering og marknader for bruk av biodiesel. Boka presenterer ei rekkje case-studier frå europeiske land som viser korleis utfordringane er blitt handsama.

I handboka er det også gjort ei berekning av potensialet for å produsere biodiesel frå dette avfallet. Potensialet i dei 10 deltakerlanda i BioDieNet (England, Nederland, Portugal, Norge, Bulgaria, Ungarn, Spania, Romania, Italia, og Tyskland) tilsvarar 13% av den totale mengda biodiesel som i dag blir laga frå oljefrø (raps, solsikke m.fl.) i EU-25.

Du kan laste ned notatet her

Vil du vite meir kan du kontakte Otto Andersen - telefon 977 10 928