Vestlandsforsking veks

Forskarstaben ved Vestlandsforsking i Sogndal blir stadig større. Veksten har vore særleg stor på miljø- og reiselivsfeltet.

Talet på tilsette ved Vestlandsforsking passerer 30. Forskarstaben har auka med 50 prosent dei siste 3 åra, og det er i dag 24 forskarårsverk ved instituttet. Samtidig er kjønnsbalansen blitt mykje jamnare dei siste åra. Vestlandsforsking har no 7 kvinnelege forskarar.

- At forskingsmiljøet veks og endrar samansetjing er ei svært gledeleg utvikling som gjer oss sterkare fagleg, seier direktør Agnes Landstad.

Mykje av bakgrunnen for at forskingsmiljøet i Sogndal veks, er den nasjonale satsinga på felt som klima, lokalt miljøvern og berekraftig reiseliv, der Vestlandsforsking lenge har stått sterkt. Berre på desse områda er talet på forskarar dobla dei tre siste åra. Store, fleirårige prosjekt har hatt mykje å seie for rekrutteringa. Forskingssamarbeidet med Høgskulen i Sogn og Fjordane – mellom anna på felta IKT, berekraftig reiseliv og fornybar energi – er eit viktig utviklingsområde. Det siste har dessutan gitt rom for tilsetjing av tre doktorgradsstipendiatar ved dei to institusjonane.

- I tillegg er vi blitt flinkare til å treffe blink med søknadene, seier forskingsleiar Carlo Aall. Tilslagsprosenten for søknader på forskingsprosjekt på miljø- og reiselivsfeltet er dobla i perioden 2006-08 samanlikna med perioden 2001-2005.

For meir informasjon, ta gjerne kontakt med direktør Agnes Landstad (906 33 600).

Nye ved VF

Sogn Avis