Vestlandsforsking skal lede internasjonalt prosjekt om beredskap og klimatilpasning

Den 18. og 19. januar samlast forskarar frå Norge, Sverige og Nederland for å starte eit fireårig forskingssamarbeid om beredskap og klimatilpassing. Prosjektet er leia av Vestlandsforsking og er finansiert av Norges forskningsråd gjennom forskingsprogrammet NORKLIMA.

Prosjektet skal ta for seg sivil beredskap og tilpassing til ekstremvêr. Prosjektet vil ha ei særleg merksemd mot ”nye” former for ekstreme vêrhendingar, der sjølve vêrhendinga kan vere relativt lite dramatisk, medan konsekvensane i samfunnet kan vere dramatiske. Eit døme på dette er korleis ein liten auke i vintertemperaturen kan føre til oftare smelteperiodar, som igjen kan utløyse nye former for skred som sørpeskred og vassmetta jordskred.


Prosjektet skal gjennomførast i fire fasar:

  1. Ein breiddestudie der vi vil kartlegge kva typar ekstremvêrhendingar beredskapssystemet historisk har arbeidd med. Her vil vi ta for oss Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Fylkesmannen si beredskapsavdeling og Fylkesgeologen.
  2. Djupnestudie i tre fylke av konkrete ekstremvêrhendingar som har involvert ulike delar av beredskapssystemet. Her vil vi også trekke inn lokal forvaltning.
  3. Samanliknande studie vil bli utført av tre samarbeidande forskingsinstitusjonar i Sverige (Forsvarets forskingsinstitutt), Nederland (Universitetet i Twente) og New Zealand (Universitetet i Aukland).
  4. Konkludere på korleis beredskapssystemet kan arbeide med temaet klimaendring. Her vil vi gjennomføre dialogseminar med relevante aktørar.


Norske partnarar i prosjektet er Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og forskningsprogrammet ProSus på Senter for miljø og utvikling ved Universitetet i Oslo.


For meir informasjon, kontakt prosjektleiar Carlo Aall, Vestlandsforsking. Tlf: 991 27 222 / 57676150.