Vestlandsforsking møtte studentar og arbeidssøkjarar

Saman med ei rekkje bedrifter frå Sogn og Fjordane, viste Vestlandsforsking seg fram på rekordstore karrieremesser i Bergen, Oslo og Trondheim i februar.

Karrieremessene blir arrangert av Framtidsfylket AS, som jobbar for å setje Sogn og Fjordane på kartet blant jobbsøkjarar. Messene gir bedriftene høve til å vise seg fram, mens studentar og arbeidssøkjarar kan nytte høvet til å snakke med bedriftsrepresentantar og sjå kva for jobbtilbod som finst i fylket. I år som tidlegare var resultatet mange spennande møte mellom Vestlandsforsking og studentar på utkikk etter jobb.

Det er fjerde gong Framtidsfylket AS arrangerer karrieremesser i dei tre største byane i Noreg. I år var tilslutninga rekordstor, med nesten 950 besøkande til saman. Vestlandsforsking har eit godt samarbeid med Framtidsfylket, og har vore med i fylket si traineeordninga, som no blir administrert av Framtidsfylket, sidan 2005.

Også i år søkjer Vestlandsforsking etter traineear. Fristen for å søkje på traineestilling for 2010-2011 er 8. mars. Sjå www.framtidsfylket.no for meir informasjon om denne ordninga.

Meir om karrieremessene på sidene til Framtidsfylket