Vestlandsforsking gir 10 000,- til Wikipedia

Vestlandsforsking ved IT-forskinga støttar arbeidet med Wikipedia med kr 10 000,- og oppfordrar andre forskingsorganisasjonar om å gjera det same.

Wikipedia har på kort tid vorte alle sitt oppslagsverk. Vi brukar Wikipedia dagleg og ser at Bill Gates' visjon om "information at your fingertips" faktisk har vorte ein realitet. Den opne profilen til tenesta og måten den er bygd opp på, appellerer til oss og som forskingsverksemd identifiserer vi oss sterkt med desse ideane.

Wikipedia er verdas største non-profit-prosjekt på nettet og er avhengig av gåver for å halda oppe det viktige arbeidet. Det fortener støtte og vi vil difor utfordra andre til å gi pengar til arbeidet.
Wikipedia Affiliate Button