Seminar om informasjonsstruktur på kommunale portalar

Det Digitale Trøndelag er eit prosjekt initiert av Sør-Trøndelag fylkeskommune der fylkeskommunen og mange kommunar i Sør-Trøndelag deltek. Prosjektet satsar på å løfta offentleg sektor i Trøndelag innafor digitale løysingar. Prosjektet har oppretta eit eige web-forum og dette forumet hadde arbeidsseminar 12.11 i Stjørdal. Temaet var informasjonsstruktur på kommunale portalar, bruk av Los og bruk av tenestebeskrivelsar på nettet.

Svein Ølnes frå Vestlandsforsking orienterte om semantikk og informasjonsstrukturar for offentlege portalar og gjekk i tillegg gjennom systemet Los (presentasjon under). Andre del av arbeidsseminaret vart teke i vare av dagleg leiar Astrid Øksenvåg, eKoR, som orienterte om bruken av elektroniske tenestebeskrivelsar på kommunale portalar. SlideShare | View | Upload your own