Regjeringa langt frå å nå tilgjengelegheitsmål

På konferansen NOKOBIT 2007 la forskar Svein Ølnes fram artikkelen "Accessibility of Norwegian Public Web Sites". Hovudpunkta i artikkelen var tilstanden for offentlege portalar i Norge på området tilgjengelegheit (Accessibility). Artikkelen tok utgangspunkt i resultata frå Norge.no sine årlege kvalitetsvurderingar og analyserte spesielt perioden 2004 - 2006.

I artikkelen går det fram at offentlege nettstader i Norge framleis har eit stykke å gå før situasjonen er tilfredsstillande med omsyn til tilgjengelegheit. Det andre hovudpunktet i artikkelen er at målet slik det er formulert i eNorge 2009-planen, er heilt urealistisk. Her står det at i løpet av 2007 skal 80 % av dei offentlege nettstadene tilfredsstilla Norge.no sine krav til tilgjengelegheit. I 2006 var resultatet at under 1 % av nettstadene tilfredsstilte krava. Under er presentasjonen som vart gjort på NOKOBIT 2007.