Prosjektbeskrivelse Civilclim
Dato:
15.11.2006
Prosjektet skal svare på desse spørsmåla (problemstillingane):
- Kva kan vi lære av historiske døme på bruk av førebyggande tiltak for å gjere samfunnet mindre sårbart for ekstreme vêrhendingar?
- Representerer klimaendringar nye utfordringar for det sivile beredskapssystemet?
- Kan arbeidet med sårbarheit for klimaendringar utløyse trong for institusjonelle endringar i det sivile beredskapssystemet?
Prosjektet er delt inn i ulike fasar:
- Breiddestudie av tre aktørar i det sivile beredskapssystemet
- Djupnestudie av korleis kommunar – i samarbeid med beredskapsstyresmakter og eigne innbyggarar – har handtert historiske ekstremvêrhendingar. Parallelle casestudiar i Norge, Sverige, Nederland og Storbritannia.
- Analyse. Ved hjelp av det innsamla materialet skal vi svare på dei to første problemstillingane.
- Konstruktiv del, der vi ved å bringe ulike aktørar saman skal kaste lys over den siste problemstillinga. Denne fasen inneheld òg sluttrapportering.