Nyttar det med lokale energiutgreiingar?

Vestlandsforsking har – saman med Norconsult – fått i oppdrag å evaluere ordninga med lokale energiutgreiingar. Dette er ei ordning som har eksistert sidan 2003 og målsetjinga med ordninga var blant anna å vitalisere den lokale energipolitikken. Vestlandsforsking skal no vurdere om dette har skjedd.

 Noregs Vassdrags- og Energidirektorat er oppdragsgjevar for prosjektet som starta opp i januar 2007. Evalueringa tek sikte på å få fram ulike sider ved dagens energiutgreiingar.   Målet er å blant anna å kartlegge kva erfaringar ulike involverte aktørar har, samt å peike på forslag til forbetringar.

Forskrifta om lokale energiutgreiingar trådde i kraft 01.01.2003, og ordninga skulle mellom anna auke kunnskapen om lokal energiforsyning, stasjonær energibruk og kva alternativ som eksisterer på lokalt nivå. Dei lokale energiutgreiingane var først og fremst tenkt som eit informasjonsverkemiddel som skulle stimulere til dialog mellom kommune, områdekonsesjonær og andre lokale energiaktørar.

NVE etterspør no ein gjennomgang av ordninga, med særlig fokus på i kva grad utgreiingane har ført til ei vitalisering av den kommunale energipolitikken. Evalueringa, som er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og Norconsult, skjer ved hjelp av to ulike tilnærmingar; ein breiddekartlegging og ein djupnestudie. Breiddekartlegginga går føre seg ved hjelp av ein spørjeskjemaundersøking av dei om lag 130 konsesjonærane i Noreg. Djupnestudien skjer ved hjelp av intervju med et utval kommunar.

For meir informasjon, kontakt prosjektleiar Carlo Aall, Vestlandsforsking. Tlf: 991 27 222 / 57676150, eller Hogne Lerøy Sataøen, 938 07 401 / 57676173.