Ny rapport om reiseliv i Breheimen - Mørkrisdalen

Vestlandsforsking har på oppdrag frå Fylkesmannen i Oppland utarbeida ein rapport om friluftsliv og reiseliv i områda med tilknyting til Breheimen - Mørkrisdalen. Rapporten dokumenterer også konkrete planar og tankar omkring reiselivstilknytta næringsutvikling hos sentrale aktørar i det aktuelle området. Rapporten inngår som kunnskapsunderlag for eit verneplanarbeid for Breheimen - Mørkrisdalen. Denne kunnskapsgrunnlaget inneheld også andre granskingar - blant anna kartlegging av biologisk mangfald, geologi, villrein og landbruk. Samla vil kunnskapsgrunnlaget vere ein sentral del av grunnlaget for ei konsekvensutgreiing av vernet.

Rapporten kan lastast ned (pdf) Kartlegging av reiseliv og anna miljøbasert næringsutvikling knytt til Breheimen - Mørkrisdalen : rapport 7-05-kartlegging-reiseliv.pdf (3.61 M)