Natur- og kulturarv som grunnlag for nyskaping - erfaringar frå Aurland

Regionale Trender 1/2007 presenterer resultat frå Fou-programmet Verdiskaping 2010 i regi av Norges Forskningsråd. Programmet har hatt som mål å bidra til nyskaping i bedrifter og i nettverk av bedrifter. Dette er gjort gjennom dialog og brei medverknad med dei tilsette i bedriftene og ved danning av regionale utviklingskoalisjonar med deltaking frå verkemiddelapparat, næringsorganisasjonane og Fou-miljø. Vestlandsforsking har delteke i programmet med tre case: INC gruppen i Flora, Fjord Seafood og reiselivet i Aurland.

I dette nummer av Regionale Trender er resultat frå endringsprosessar i reiselivet i Aurland presentert. Tidsskriftet presenterer også ei rekkje andre samhandlingsaktivitetar mellom forskarar og industri rundt om i landet. I Aurland vert det stilt spørsmålsteikn ved om ei vidare satsing på volum- og gjennomfartsturisme vil gagne lokalsamfunnet. Den alternative strategien er å fremje ei reiselivsutvikling som styrkar lokal verdiskaping i samspel med lokal kultur. Regionalparkkonseptet er fremja som eit organisatorisk instrument i dette arbeidet. Parken må skape nye koplingar mellom ressurs- og kompetansesterke bedrifter og nettverk frå ulike næringar og bransjar. Men korleis skal ein få styrka den sosiale kapitalen mellom grupperingane, og korleis kan nasjonale rammevilkår i større grad stimulere denne type næringsutvikling? Vestlandsforsking tar del i dei spennande endringsprosessane i Aurland.

 I: Regionle Trender 1/2007. Kan bestillast hjå NIBR