Miljøbelastning av matforbruk

Vestlandsforsking har i fleire prosjekt nytta verktøyet økologisk fotavtrykk til å vurdere den samla miljøbelastninga av forbruk. Det økologiske fotavtrykket er det samla forbruket av biologisk produktivt areal som ligg bak eit gitt produkt, Eit gitt produkt kan føre med seg eit direkte arealforbruk (t.d. dyrking av matvarer krevjer eit gitt areal dyrka mark) og eit såkalla energiareal. Dette er eit hypotetisk arealforbruk som vert rekna ut ved først å finne det samla utsleppet av drivhusgassar, og så rekne ut kor stort skogareal som trengs for å binde den tilsvarande menga med karbon.

I eit oppslag i Vestlandsrevyen 1.februar vart deet vist til utrekningar gjort av Vestlandsforsking for ulike typar mat. Desse utrekningane er vist i tabellen under.

Tabell 11 Arealproduktivitet og energiinnhold for ulike råvarer

Produkt

Global produktivitet (kg/hektar)

Økologisk fotavtrykk (hektar/tonn)

Energiinnhold

(kcal/kg)

Fotavtrykk-intensitet (m2/kcal)

Soyabønner

2 115

1,50

4 280

3,50

Kornprodukter

2 640

1,20

3 000

3,99

Frukt og grønt

12 120

0,26

500

5,22

Fisk

29

2,11

1 650

12,81

Smør

34

11,35

7 460

15,22

Melk

336

1,15

500

22,99

Fjørfe

734

4,31

1 500

28,75

Småfe

52

7,39

2 300

32,12

Egg

550

5,75

1 500

38,36

Storfe

24

16,31

2 500

65,24

Ost

34

11,35

1 500

75,69

Tabellen viser at rekna per kg medførar produksjon av storfe det største økologiske fotavtrykket medan produksjon av frukt og grønt medfører det minste fotavtrykket. Ein fullstendig diskusjon omkring miljøeffekten av kosthaldsendringar må ta omsyn til andre forhold enn ein rein vekt-samanlikning. Eit første steg på ein meir detaljert drøfting er vist i den siste kolonna, der det er rekna ut fotavtrykk i forhold til energiinnhald. Tilsvarande kan ein tenkje seg utrekning i forhold til proteininnhald osb, for så å setje saman og vurdere opp mot kvarandre ulike ernæringsmessig fullverdige kombinasjonar av råvarer. Dette er likevel ikkje så lett all den tid det er stor usemje mellom kosthaldsekspertar om kva som er ei ernæringsmessig fullverdig samansetting av ulike råvarer

Utrekningane var gjort i ein rapport frå 2002 om det økologiske fotavtrykket for innbyggjarane i Oslo, som kan lastast ned her: Økologiske fotavtrykk