Linux-motorsykkel

Robert Engels, tilsett i bistilling hjå Vestlandsforsking, er ein allsidig kar. Han arbeider først og fremst med semantiske teknologiar, men har klart å kombinera dette med den andre hovudinteressa: motorsyklar.

Det er ikkje berre i Sogn og Fjordane ein driv mangesysleri. Robert Engels bur i Oslo og har bistilling hjå Vestlandsforsking, og han passar godt inn i fylket der eit av kjenneteikna er mangesysleri, som professor Karl Georg Høyer formulerte det.

Robert er lidenskapleg oppteken av semantisk teknologi og motorsyklar, så då var det vel berre naturleg å prøva å kombinera dei to. Han har i fleire år arbeida med å utvikla ein elektrisk motorsykkel. Ein prototype er klar og den har vorte køyrd over 1500 km. Den har ei datamaskin med Linux operativsystem om bord (Ubuntu), og dash-bordet er ein trykkfølsom skjerm kopla til denne. Motorsykkelen har også trådlaust nettverk og kan senda og ta i mot informasjon. Eigaren av sykkelen kan følgja med på tilstanden til motorsykkelen via web (lade-tilstand m.m.).

Sjå motorsykkelen og intervju av Robert Engels på utstillinga eSkills Week (på digi.no).