Frå problematisk avfall til rimeleg biodiesel - seminar i Aurland

I samarbeid med Vestlandsforsking og prosjektet ” BioDieNet ” vil Sogn og Jord- og Hagebruksskule sjå på om det er muleg å produsera eigen biodiesel frå  brukt matolje innsamla frå hotell- og restauranter.

Alle som brukar matolje er pålagt å levera til godkjent mottak. I dag tek SIMAS i mot den type avfall og komposterer det. Ved å  utvinne biodiesel frå brukt matolje får ein utnytta  det på ein betre måte som og  sparer miljøet for bruk av fossilt brensel. For SJH er dette eit mål i seg sjølv, i tillegg til  at dei er ein pedagogisk arena kor ein gjerne vil visa miljøvenlege alternativ.

Vil du vite meir om dette så er du hjarteleg velkommen til  eit arbeidsseminar arr. av Sogn og Jord- og Hagebruksskule i samarbeid med Vestlandsforsking.

Påmelding: Ressurssenteret ved Anne Karin Hatling på telefon 94 82 94 31

Program:

Tid og stad: Måndag 30.november 2009 kl 09.30 -  oppmøte på Aurland rådhus.

09.30  Velkomst ved rektor Bjørg Fritsvold

09.40  Produksjon av Bio-diesel på SJH– er det mogleg? Ved Otto Andersen, Vestlandsforsking.

  • Litt om prosjektet
  • Bakgrunn og hovedkonklusjonar,

10:00  Erfaringar med produksjon av biodiesel frå brukt matolje ved Paul Winson, Milvinn

10:30 Diskusjon – spørsmål  - Kaffi med noko økologisk å bite

11:00  Opplegg for produksjon på Sogn Jord- og Hagebruksskule ved  Sven Dalsryd.

11:30  Økologisk lunsj på SJH

12:15  Innsamling av brukt matolje ved Hallvar Lunden, Simas.

  • Kva mengder og kva kvalitet får vi inn?

12:30  Prosjekt Bio-energi i  Sogn og Fjordane –– Ved Merete Larsmoen, FMLA.  Kan biodieselproduksjon  på SJH  koma inn i programmet?

13:00  Sogn og Fjordane fylkeskommune sin klimaplan -strategiar og tiltak ved Elisabeth Veivåg Helseth, klimakoordinator

13.30  Diskusjon : vegen vidare for biodieselproduksjon på SJH

ca kl 14:30 Oppsummering og avslutning ved Otto Andersen og Anne Karin Hatling

Velkommen !
Helsing Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule

aurland hagebruksskule