Campus Seminar om opphavsrett 25. mai

Campus Seminar 25. mai: "Opphavsrett i ei digital tid".

Opphavsrett er eit viktig og utfordrande felt for alle som ferdast på Internett. Den nye delingskulturen utfordrar dessutan den etablerte måten å arbeide og kommunisere på. Kva er lov? Korleis kan vi best legge til rette for deling på lovleg vis? Bør offentleg informasjon vere fritt tilgjengeleg for publikum?

Diskusjonen om opphavsrett og Internett har fått eit løft etter saka om Pirate Bay og Obama-administrasjonen si omfamning av Creative Commons. Du får no sjansen til å lære meir om dette temaet den 25. mai på Campus Seminar om ”Opphavsrett i ei digital tid” i Sogndal.

Gisle Hannemyr, universitetslektor ved Institutt for Informatikk ved Universitetet i Oslo, vil orientera om Lov om opphavsrett til åndsverk ("åndsverkslova") og kva alternativ som finst til denne. Hannemyr er aktuell som debattredaktør på www.deltemeninger.no og er i tillegg medlem av regjeringa sin personvernskommisjon og ekspert på lisensieringstypen Creative Commons.

«Creative Commons» er ein verdsomspennande organisasjon som blant anna legg til rette for at det skal finnast ferdige avtaler om bruk av åndsverk. Medan opphavsretten tradisjonelt har beskytta verk slik at ingen kan kopiere dei, skrive dei ut, eller arbeide vidare med dei utan først å spørje eigaren av rettane om løyve, inneber  «Creative Commons» altså at den som har skapt verket på førehand gir løyve til kopiering og bruk, på visse vilkår.

Seminaret finn stad på Fosshaugane Campus (i auditoriet på langsida av tribuneanlegget) og startar kl. 12.00. Vi reknar med at seminaret varer i eit par timar, avhengig av spørsmål og diskusjon etterpå. Det er fri tilgang og ope for alle interesserte, men send ein epost med påmelding til Svein Ølnes, Vestlandsforsking (tlf. 917 39 918).

Arrangør er Vestlandsforsking, Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune.