Kunnskapsgrunnlag og tverrsektorielt samarbeid om ureining, klimatilpassing og vassforvalting i tre vassområde i Norge

Report
Id:
November 2024
Publisher:
Vestlandsforsking

I dette studiet har vi sett på kunnskapsgrunnlaget om miljøgifter/ureina grunn og korleis forvaltingsoppgåver innan ureining, vassforvalting og klimatilpassing vert integrert og samarbeidd om i dei tre vassområda (VO), Auli, Ytre Sogn og Orkla. 

Vi finn at sjølv om vassforvaltingsarbeidet vert organisert litt ulikt i dei tre VO, opplever aktørane at det er god integrasjon og samarbeid mellom kommunane og overordna forvaltingsnivå og sektormyndigheiter. Men, det er lite direkte kontakt mellom vassforvaltinga og sakshandsamarar hjå Statsforvaltaren med fagansvar for ureining og klimatilpassing. Derfor er det viktig at embeta sikrar eit godt tverrfagleg kunnskapsgrunnlag og god koordinering internt, slik at denne kunnskapen vert delt med vassregionmyndigheita og vassområdekoordinatorane.

Det er generelt eit dårleg kunnskapsgrunnlag rundt kjemisk tilstand i vassførekomstar i dei tre VO i studiet og kommunane kjenner ikkje til korleis klimaendringar kan påverke ureina grunn. Det er eit stort forbetringspotensiale rundt å registrere nye ureina grunnlokalitetar i fagsystemet grunnforurensning, samt å tilpasse og ta i bruk informasjonen som ligg der i risiko- og sårbarheitsanalysar, for å hindre spreiing av ureining til vassførekomstar. Vi finn at svært mange ureina grunnlokalitetar i dei elleve casekommunane kan verte råka av klimaendringar, som overflatevatn etter styrtnedbør, elveflaum, havniva stigning og skred.

Tiltaksprogramma som vert utarbeidd for å nå mål i vassforvaltingsplanar har sektorvise tiltak som er foreslegne av kommune, Statsforvaltar, Miljødirektoratet mm., der kvar sektor har sjølvstendig ansvar for å planleggje og gjennomføre tiltak. Vi finn få tiltak i dei tre vassområda som går på opprydding/sikring av ureina grunn. Vassregionmyndigheita har heller ingen tvangsverkemiddel for a sikre gjennomføring av tiltak i tiltaksplanen, og mange tiltak vert ikkje gjennomført i planperioden og vil forsinke forbetringa av miljøtilstanden i vassførekomstar. Her tilrår vi at det vert gjort noko for å auke gjennomføringstakten på tiltak som vil forbetre kjemisk tilstand i vassførekomstar og at tiltaka vert kost/nytte vurdert og vurdert kor robuste dei er i forhold til dei venta klimaendringane i regionen. 

Vi tilrår at informasjon og kunnskap om miljøgifter og vassregionspesifikke stoff, ureina grunn og klimatilpassing må få auka fokus ved rullering av vassforvaltingsplandokument som skal gjelde fra 2028. Vi vonar at denne rapporten, VF-rapport 9/24 og dei nye forvaltingsverktøya vi har utvikla i VANNKLIMRISK vil nyttast i dette arbeidet.