EuroIA -konferanse i Barcelona

Den tredje EuroIA-konferansen vart halden i Barcelona 21. og 22. september, med rundt 150 deltakarar frå mange europeiske land. EuroIA er eit europeisk svar på den meir kjende IA Summit i USA - den viktigaste konferansen for informasjonsarkitektur og informasjonsarkitektar.

Vestlandsforsking var representerte på konferansen og presenterte problemstillingar knytt til semantiske strukturar. Svein Ølnes og Nils Arne Hove presenterte problemstillingane for eit interessert publikum og det vart ein god diskusjon med mange spørsmål i etterkant. Mykje av innhaldet i presentasjonen var henta frå erfaringar med portalutvikling i Førde og nabokommunar. Interessant nok var det andre norske bidraget på konferansen, ved Are Halland i Netlife Research, samarbeidsparten vår i Førde-prosjektet og også hans presentasjon henta erfaringar frå Førde-prosjektet.

Meir informasjon om EuroIA og konferansen i tillegg til organisasjonen bak, ASIS&T, finst på www.euroia.org.