Profil
Hans Jakob er cand.polit med hovudfag i statsvitenskap frå NTNU med fokus på miljø, teknologi og framtidsutvikling, og implementering og evaluering av offentleg politikk. Utdanninga vektla kvantitativ metode, og i tillegg har han doktorgradsemnet ”Avansert Samfunnsvitskapleg forskingsmetode”.
Hans Jakob har undervist på Sogndal vidaregåande skule og ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, i tillegg har han jobba som rådgjevar for IA (inkluderande arbeidslivs)- verksemder i Sogn og Fjordane.
Hans Jakob sitt primære arbeidsfelt ved Vestlandsforsking vil vere LCA (livsløpsanalyse).
