Arbeidsfelt
- Fritid og fritidsforbruk
- Berekraftig reiseliv
Stillingstittel
Telefon
Tilsett
Vedlagt CV
Agnes har hovudfag i etnologi frå Universitetet i Oslo 2002. Hovudoppgåva handlar om reisene med dei første turistskipa til Noreg, slik dei vert skildra i tyske og engelske reiseskildringar frå 1800-talet. I analysen ser ho på dei ritualiserte handlingane som skipsturistane utførte i løpet av sjøreisa. Elles har Agnes tysk og historie i fagkretsen, og eitt av studieåra vart teke ved Universität Wien, Austerrike.
Agnes kom til Vestlandsforsking i 2008 etter å ha vore forlagsredaktør i Skald forlag sidan 2002. Der var ho ansvarleg for sal og presse, samt redaktør for ulike bokprosjekt. Tidlegare har ho vore konstituert styrar ved Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand, samt ansvarleg for minneinnsamling til det same museet. Agnes har arbeidd mykje med formidling, både i reiselivsbransjen og undervisning. Frå 2005 har ho halde eit kurs i naturbasert reiseliv på friluftslivstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.