Andre generasjons bygdeturisme

Prosjekt

Prosjektnr

6226

Tidsrom

01.06.2011 - 01.06.2014

Prosjektleiar

Oppdragsgjevar

I juni 2011 startar Norsk Senter for Bygdeforskning og Vestlandsforsking opp det treårige prosjektet ”Rural tourism 2.0”, også kalla ”Andre generasjon bygdeturisme”. Målet med prosjektet er å undersøke kva framtidas bygdeturisme skal innehalde, og kva slags strategiar som må utviklast får å oppnå dette. Studiefeltet er dei to fylka Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag.

Målet med prosjektet er å undersøke kva framtidas bygdeturisme skal innehalde, og kva slags strategiar som må utviklast får å oppnå dette. Eit sentralt spørsmål er kva eit meir økonomisk og sosialt robust og miljømessig berekraftig andre generasjons reiselivet i distriktet kan innehalde.

Både i Norge og internasjonalt er det distriktsbaserte reiselivet i varierande grad i ein overgangsfase frå eit første generasjons reiseliv med heller låg grad av profesjonalisering og samhandling, til det vi her kallar andre generasjon bygdeturisme.

Tilnærminga til begrepet andre generasjon bygdeturisme er her todelt: For det første har fleire av pionerane innan den gards- og bygdebaserte delen av norsk reiseliv no halde på i ein generasjon, og nærmar seg pensjonsalder. Korleis ser rekrutteringa ut? Kva strategiar for framtida har neste generasjon tilbydarar og korleis skal dei oppnå dette? Dermed er vi inne på den andre forståinga av andre generasjon reiseliv på bygda; kva skal framtidas reiseliv innehalde, korleis bør ho vere organisert, korleis utvikler marknaden seg? Studien vil basere seg på dybdestudiar, med intervju med aktørar frå reiselivet, landbruket og andre næringsaktørar, forvaltning, interesseorganisasjonar osb i to fylke; Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag. Funna frå dei to fylka vil bli kontrastert mot nasjonale data og den internasjonale situasjonen.

Delmåla for prosjektet er å
1)    Beskrive internasjonale utviklingstrekk og drivkrefter for distriktsbasert turisme
2)    Analysere korleis aktørar i norsk distriktsbasert turisme vurderer innholdet i første generasjons turisme, deira forventninger og vurderinger for framtidig utvikling av andre generasjons turisme, og kva dei ser som sentrale drivkrefter for begge desse.
3)    Analysere noværende rolle og framtidig potensial for å nytte IT og sosiale media for distriktsbasert turisme.
4)    Utvikle forslag til politiske og andre virkemidlar for eit meir robust og berekraftig andre generasjons distriktsbasert reiseliv.

Prosjektet vil ha tett kontakt, datainnhenting og informasjonsutveksling med samarbeidspartnarar, dvs fylkeskommune/fylkesmann i dei to case-fylka, og i tillegg tilsvarande kontakt med andre nøkkelinformantar, reiselivsaktørar og andre involverte grupper. Ei referansegruppe vil bidra med informasjon og tilbakemeldingar. Dybdestudiane vert utvalde i dialog med partnarar og andre relevante aktørar. Dei kan til dømes vera nettverk og/eller reint stadsavgrensa case. Bruk av eksisterande statistikk vil bli supplert med eigen survey om naudsynt.

Som ein del av prosjektet skal sosiale media testast ut konkret i bedrifter/nettverk. Dette vert gjennomført som ei masteroppgåve ved NTNU.

Prosjektet vil samarbeide med eit internasjonalt ekspertpanel for å gje tilbakemelding og innspel med internasjonale perspektiv.

Samarbeidspartnarar:
Rural tourism 2.0 er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og Norsk Senter for Bygdeforskning.

Kontaktpersonar:
Vestlandsforsking: Agnes Brudvik Engeset
Norsk Senter for Bygdeforskning: Katrina Rønningen
Internasjonale samarbeidspartnar er Bernard Lane, Sheffield Hallam University. I tillegg har Rural Tourism 2.0 også knytt til seg Polen og Texas med intensjon om å utvide det internasjonale nettverket i løpet av prosjektperioden.

Referansegruppe: HANEN, NCE Tourism, Trøndelag Reiseliv, VisitSognefjord, Gloppen hotell og Kompetansesenter for Distriktsutvikling (avdeling Sogndal).

Aktuelt