Digitaliseringsfylket Sogn og Fjordane

«Digitaliseringsfylket Sogn og Fjordane» er ei stor satsing på digitalisering av offentlege tenester i kommunane i fylket. I dette forprosjektet er innsatsen konsentrert om desse tre områda:

  1. Elektronisk dokumentutveksling mellom offentlege arkiv
  2. Automatisk avlevering av arkivmateriale til arkivdepot
  3. eInnsyn: Førebu kommunane på den nye løysinga for innsyn i offentlege postjournalar

Prosjektet skal først kartleggja status i dei 26 kommunane på desse områda. Deretter skal det utarbeidast ein plan for gevinstrealisering og til slutt skal funna dokumenterast og brukast som underlag til ein eventuell søknad om hovudprosjekt for å realisera idéen.

Vik kommune er søkjar på vegne av alle kommunane i fylket og koordineringa av kommunane vil skje gjennom IT-forum Sogn og Fjordane (www.it-forum.no).

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Regionalt forskingsfond Vestlandet, Vik kommune
Prosjektnummer:
6430
Prosjektleiar:
Forskar / gruppeleiar IT
Publikasjon(ar):