Andre generasjons bygdeturisme

Prosjektet Andre generasjon bygdeturisme også kalla ”Rural tourism 2.0” tek utgangspunkt i ein påstand om at bygdeturismen i Noreg og internasjonalt er på veg over i ein ny fase, frå pionerstadiet til ei næring med høgare grad av profesjonalisering, marknadsretting og samhandling.

Hovudmålet med prosjektet er å undersøke kva framtidas bygdeturisme kan innehalde, og kva slags strategiar som må utviklast får å oppnå dette.  Delmåla for prosjektet er å:

1) Beskrive internasjonale utviklingstrekk og drivkrefter for distriktsbasert turisme

2) Analysere korleis bedriftene i norsk distriktsbasert turisme oppfattar utfordringane framover og korleis dei møter desse utfordringane

3) Analysere forholdet mellom gardsturismebedriftene, distriktshotella og lokalsamfunnet

4) Analysere noverande rolle og framtidig potensial for å nytte IT og sosiale media for distriktsbasert turisme.

Prosjektet skal m.a. svara på kva strategiar og tiltak bedriftene utviklar for å møte utfordringane, korleis ny teknologi, så som sosiale medium, påverkar forholdet mellom tilbydar og kunde, korleis små og store bedrifter samhandlar og korleis bedriftene involverer lokalsamfunnet.

Studien vert gjennomført i Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag og er basert på eit kvalitativt metodedesign med datamateriale frå dybdestudiar av bedrifter og deira relasjonar til omgjevnadene. Funna frå dei to fylka vil bli kontrastert mot nasjonale data og den internasjonale situasjonen. Ei referansegruppe bidreg med informasjon og tilbakemeldingar. Som ein del av prosjektet vert det gjennomført ei masteroppgåve ved NTNU med tema bruk av sosiale medium i reiselivet.

Samarbeidspartnarar:

Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og Norsk Senter for Bygdeforskning.

Kontaktpersonar:

Vestlandsforsking: Agnes Brudvik Engeset
Norsk Senter for Bygdeforskning: Katrina Rønningen 
Referansegruppe: HANEN, NCE Tourism, Trøndelag Reiseliv, VisitSognefjord, Gloppen hotell og Kompetansesenter for Distriktsutvikling (avdeling Sogndal).

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges forskningsråd
Prosjektnummer:
6226
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Aktuelt: