Aktuelt-arkiv

  • Foto av Anna Maria Urbaniak-Brekke

    1. februar 2020 starta Anna Maria Urbaniak-Brekke i fast forskarstilling, etter to år i vikariat. Tilsetjinga er eit ledd i Vestlandsforsking si satsing på reiseliv og internasjonalisering. Anna Maria håpar å utnytte heile den faglege breidda si, ikkje minst ved å bidra til koordinering av internasjonale prosjekt.

  • Foto frå utstillinga Grüne Woche i Berlin i januar 2020.

    Vestlandsforsking var i januar på matfestivalen Grüne Woche i Berlin saman med folk frå mat- og reiselivsverksemder, lokal næringsutvikling og FoU-sektoren i Sogn. I studieturen ligg kimen til eit samarbeid som vil kreve kunnskapsbygging og innovasjon i åra framover.

  • Foto

    Otto Andersen, forskar ved Vestlandsforsking gjennom 25 år, døydde 28. desember 2019 etter å ha vore sjuk ei kort tid. Her kan du lese eit minneord skrive av kollegaer og vener ved instituttet.

  • Foto frå vegstenging i Jølster

    Dei viktigaste vegane i Norge blir jamleg stengde på grunn av flaum og skred. Slike problem er venta å auke med klimaendringane, men ein ny studie Vestlandsforsking og Menon Economics har gjort for Statens vegvesen, viser at talet på slike hendingar kan mangedoble seg dei neste tiåra viss vi ikkje satsar stort på førebygging.

  • Portrett Torbjørn Selseng

    Etter berre fem månader som trainee, starta Torbjørn Selseng året som fast tilsett i Vestlandsforsking. – Eg tykkjer det er utruleg kjekt å forske, seier han.

  • IT-Forum Sogn og Fjordane er særs nøgd etter at det måndag denne veka vart klart at samarbeidet i fylket får inntil 450.000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge til kompetanse-utviklingsprosjekt for næringslivet. Dette betyr svært mykje for næringsmiljøet vårt, seier leiar i IT-forum Jan Heggheim.

  • Onsdag 10. desember tok kommunane i fylket fatt på vegen mot ei pleie- og omsorgsteneste som støttar seg på smart, ny teknologi. Oppmøtet var over all forventning då IT-forum si arbeidsgruppe for velferdsteknologi møtte kommunane til eit første seminar.

  • - Kommunane si interesse for velferdsteknologi er over all forventning, seier Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking, etter å ha registrert 128 påmeldingar frå alle kommunane i fylket til eit seminar på Skei hotel 10. desember.

  • 4. og 5. desember arrangerer Vestlandsforsking avslutningsseminar for prosjektet "Arealplanlegging og beredskap for fremtidens klima" i Ålesund. Hovudtema for samlinga: Frå kunnskap til handling. Du kan følgje seminaret på Youtube.

  • Difi har evaluert kvaliteten på offentlege nettstader sidan 2001 og delt ut prisar for beste nettstad. Vestlandsforsking har delteke i det faglege arbeidet både med indikatorutforming og evaluering frå starten av. I år har Difi gjort ei endring og sett søkjelyset på offentlege digitale tenester, dvs. digitale skjema. Resultatet av evalueringa vart lagt fram på eit seminar i Oslo fredag 28.11.

  • We are delighted that delegates from about 30 countries joined us for the 3rd International Adventure Tourism Conference 22 – 26 November in Sogndal, close to fjords and glaciers, with opportunities for activities containing both culture, nature and physical activities. In other words: world class adventure tourism.

  • 26 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har alt innført elektronisk utveksling av helsemeldingar. Utvekslinga var oppe og gjekk sommaren 2014 etter godt samarbeid i heile fylket.

  • Forskingsleiar Carlo Aall kritiserar i ein kronikk i Bergens Tidende den nyleg publiserte fagrapporten frå Miljødirektoratet - "Kunnskapsgrunnlag for lavutslippsutvikling» - for store faglege manglar.

  • IT-forum oppvekst og utdanning arrangerer erfaringssamling på Sunnfjord hotell i Førde 2.-3.desember.

  • 300 deltakarar frå 29 land har meldt seg på ”The Third International Adventure Conference -Fjord 2.0” i Sogndal som startar laurdag 22. november og går til onsdag 26. november. Konferansen samlar verdas fremste forskarar på opplevingsturisme og reiseliv, men også natur- og opplevingsbedrifter, tilsette i organisasjonar innan reiseliv og friluftsliv og lærarar og studentar innan reiselivs- og friluftslivsfag.

  • 5. november 2014 blei det halde eit møte mellom AREALKLIM–prosjektet, som blir gjennomført av Vestlandsforsking, og NIFS. Møtet hadde tittelen «Arealbruk og naturfare» og inkluderte innlegg om arealplanlegging og klimatilpassing, ROS-analyser, vskog og naturfare, m.m.

  • Satsinga “Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane” er no i gong. Målet er auka samarbeid mellom næringsliv og forskingsmiljø.

  • Høgskulen i Sogn og Fjordane og VRI 3 ved Vestlandsforsking inviterar til næringsseminar tysdag 18.november. Seminaret er ope for alle.

  • NOKIOS står for Norsk konferanse for IKT i offentleg sektor og er ein av dei 2-3 store konferansane med dette temaet. Den vart starta av NTNU i 2007 og har vakse til ein konferanse med godt over 500 deltakarar på dei 8 åra.

  • I ein presentasjon på årets plankonferanse arrangert av Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Hordaland la forskingsleiar Carlo Aall fram resultat frå prosjektet AREALKLIM, der forskarane har studert 10 historiske naturskadehendingar og hatt dialog med 5 kommunar om korleis ta omsyn til klimaendringar i arealplanlegginga.