Kvalitet på offentlege tenester

Difi har evaluert kvaliteten på offentlege nettstader sidan 2001 og delt ut prisar for beste nettstad. Vestlandsforsking har delteke i det faglege arbeidet både med indikatorutforming og evaluering frå starten av. I år har Difi gjort ei endring og sett søkjelyset på offentlege digitale tenester, dvs. digitale skjema. Resultatet av evalueringa vart lagt fram på eit seminar i Oslo fredag 28.11.

Kvalitet på nett (KPN) vart i si tid starta av Statskonsult og Norge.no, tilbake i 2001. Vestlandsforsking vart den gongen spurt om å kvalitetssikra det første utkastet til kriteriesett. Arbeidet me gjorde den gongen, var relativt originalt: I staden for den vanlege skriftlege vurderinga, som me også leverte, utvikla me nettsider for den hypotetiske Nauda kommune. Målsetjinga var å få fram på best muleg måte at forslaget til kriterisett var "20 i stil og 0 i innhald". Problemet med indikatorane var at dei var for mykje retta mot formalkrav, og lite eller ikkje mot innhald. Nauda kommune sin nettstad fekk 6 stjerner (maks skår), men innheldt berre tull. Det vart ein effektiv demonstrasjon og på kjøpet hadde me det veldig moro med utviklinga (takk til Oluf som var sjefsarkitekt for nettsidene til Nauda den gongen).

Vestlandsforsking har evaluert årets utvalde offentlege tenester, saman med Aletheia som underleverandør. I alt har i overkant av 50 digitale tenester vorte vurderte. Resultatet kan du sjå på kvalitet.difi.no. Du kan også lesa eit referat frå seminaret 28.11 på min eigen blogg.

Årets offentlege digitale teneste vart Husbanken si løysing for å søkja bustøtte. Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Paul Chaffey, overleverte prisen til den stolte vinnaren. Resultatmessig kom Vegvesenet best ut av alle. Dei hadde faktisk to av dei tre tenestene som fekk 6 stjerner; Lånekassen hadde den tredje. Juryen var ikkje direkte bunden av resultata frå evalueringa og valde å leggja vekt på andre sider i tillegg til indikatorane i kriteriesettet. I pressemeldinga frå Difi blir grunngjevinga for valet av årets teneste referert.

Det var til dels stor skilnad på statlege og kommunale digitale tenester. Kommunane heng etter, og ingen av dei 10 beste tenestene var kommunale! Her har kommunesektoren ein stor jobb å gjera.