Vestlandsforsking får i oppdrag å utarbeida innspel til strategi for vidareutvikling av Miside og Norge.no i samarbeid med firmaet Bouvet. Det er direktoratet for forvaltning og IKT, DIFI, som er oppdragsgjevar. Arbeidet er ein del av eit større strategiarbeid for Miside og Norge.no.
Korleis starte arbeidet med klimatilpassing, kva bør vi gjere no? Det nyleg avslutta KS FoU-prosjektet ”Klimaendringenes konsekvenser for kommunal og fylkeskommunan infrastruktur” gir råd om dette.
KS arrangerte 2. juni 2008 seminar i Oslo i samband med prosjektet "Storm, skred, flom og oljeutslipp - ansvar, myndighet, roller og finansiering av sikringstiltak og skadeforebyggende arbeid"
Vestlandsforsking har saman med Norconsult fått i oppdrag å evaluere ordninga med lokale energiutgreiingar. Dette er ei ordning som har eksistert sidan 2003 og målsetjinga med ordninga var blant anna å vitalisere den lokale energipolitikken. Vestlandsforsking skal no vurdere om dette har skjedd.