Jostedalsseminaret 2008

I samband med Norsk Brefestival blir det arrangert eit seminar for tilsette ved miljøgruppa og inviterte gjester.

Peak Oil-teorien, verkemiddel i klimapolitikken og karbonnøytralisering er tema når miljøgruppa på Vestlandsforsking held internseminar i Jostedalen 19.juni.

Stefan Gössling er forskingskoordinator ved Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv (50 prosent) og førsteamanuensis i humanøkologi og kulturgeografi ved Universitetet i Lund. I Jostedalen tek han føre seg det nye omgrepet ”karbonnøytralitet”. Kva følgjer kan oppslutninga om omgrepet få for klima og berekraft?

Kristin Linnerud ved HSF held eit innlegg om verkemiddelbruk i klimapolitikken, og ser mellom anna kritisk på Kristin CO2-skattar, kvotar, standardar, haldningskampanjar og produktmerking. Kristin disputerte for doktorgraden i økonomi våren 2008. Ho går over til Cicero i august, med kontorstad i Sogndal.

Erik Solheim, tidlegare leiar i Norges Naturvernforbund, tek føre seg Peak Oil-teorien, som hevdar at oljealderen er på hell. Solheim vil peike på nokre av dei problema dette skaper for den moderne verda, og for utsiktene for dei fattige. Det vil òg bli vist ein dokumentarfilm om tematikken.

Program

Jostedalsseminaret 2007