Tilreisande og turistnæringa på Svalbard bør bu seg på store endringar

hundeslede på svalbard
Hundekøyring er blant dei naturbaserte aktivitetane turistar til Svalbard nyt godt av i dag. Større variasjon i vêrforholda vil kunne gjere det vanskeleg å gjennomføre turar på ein trygg måte så ofte som før. Foto: Halvor Dannevig

På Svalbard er klimaet i rask endring, og myndigheitene strammar inn for å ta vare på naturen. Skal du besøke øygruppa dei neste åra, bør du vere budd på strengare reglar.

– Global oppvarming er ulikt fordelt. Høg-Arktis, der Svalbard ligg, er i frontlinja for klimaendringane, seier Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking. 

Klokka for oppvarming tikkar raskare på Svalbard enn dei fleste andre stader på kloden. 

Frå å vere ein slags kald ørken har øygruppa stø kurs mot eit fuktig, mildt klima der både permafrost, brear og sjøis spelar ei mindre rolle. Alt no regnar det meir, det er mildare og snøsesongen er alt tre veker kortare enn for 30 år sidan.

Klima som Danmark

I ein ny rapport samanfattar Dannevig og forskarkollegaer ved Unis og Nordlandsforsking korleis dei raske klima- og naturendringane kan slå ut for reiselivsnæringa på øygruppa.

Næringa går i stor grad ut på å tilby aktivitetar og opplevingar i arktisk villmark: hundekøyring, skuter- og båtturar, toppturar og ekspedisjonar.

Til no har reiselivet stort sett opplevd positive utslag, som at isen ikkje legg seg på fjordane. Det gir ein lengre sesong for båtturar. 

Men større endringar er på veg. Dels fordi myndigheitene vil beskytte det skjøre plante- og dyrelivet mot den aukande turiststraumen. Dels fordi klimaendringane gradvis vil gjere Svalbard til ein annan stad enn det er i dag.

– Ved slutten av hundreåret kan Svalbard ha fått eit klima likt det Danmark har i dag. Om dette slår til, kjem an på kor godt vi lukkast med å kutte klimagassutslepp, seier Dannevig.

Les Halvor Dannevig sin kronikk om klimaendringene på Svalbard 

Restriksjonar på utflukter

Det første turistane vil merke, er mindre fridom til å bevege seg rundt i landskapet. Folk vil ikkje lenger kunne ferdast der dei vil.

– Artar som alt er sårbare, kan bli endå meir sårbare som følgje av klimaendringane. Tanken er å minske den menneskelege påverknaden, seier Dannevig.

Halvor Dannevig
– Ved slutten av hundreåret kan Svalbard ha fått eit klima lik det Danmark har i dag, seier Halvor Dannevig. Foto: Bård Basberg

Sjøfugl skal altså sleppe å bli forstyrra av RIB-båtar, og svalbardrein som skal kalve, skal få meir fred.

Det vil gje turistane ein smalare meny av langturar og færre turar med motoriserte køyretøy som snøskuter eller firhjuling. Fleire må nøye seg med korte utflukter frå Longyearbyen, den største busetnaden på øygruppa.

Ikkje i land kor som helst

Dei siste åra har stadig fleire av turistane til Svalbard kome med cruiseskip. Forskarane kallar auken eksplosiv. 

Særleg dei små ekspedisjonsskipa, som utforskar fjerne fjordar på Spitsbergen, har hatt nokre gode år. I fjor kom 25.000 tilreisande med slike båtar. Dei isfrie fjordane har gitt ein lengre vårsesong, og båtane har teke seg inn på stader der dei før ikkje kunne gå.

– Eit særtrekk ved desse skipa er at passasjerane går i land mange stader. Det vil myndigheitene setje ned foten for. I tillegg til færre anløp, vil det kome ei grense for kor mange passasjerar skipa kan ha når dei går inn i verna område, fortel Dannevig.

Større naturfare

I åra som kjem, vil myndigheitene at ein eventuell auke i turismen skal skje i og rundt Longyearbyen i staden for fordelt over heile Svalbard. 

Med fleire folk på ein stad og hyppigare nedbør og mildvêr, må du rekne med at skredfare, flaum og stengde vegar førekjem oftare og påverkar fleire turistar. 

Dannevig og andre forskarar har intervjua dei som driv med reiseliv, om kva dei venta klima- og naturendringane etter kvart kan få å seie for den naturbaserte turismen.

– Meir nedbør gir fleire dagar med betydeleg og høg snøskredfare. Gjestene ved dei rimelegaste overnattingstilboda må ofte evakuerast, seier Dannevig.

Mildare og kortare vintrar med regn om vinteren fører til fleire stengde vegar og ferdselsårer. Det hindrar snøskuterar, hundespann og skiløparar i dalane. Desse problema vil tvinge fram tilpassingar hos dei som tilbyr opplevingar til turistane, ikkje alle til det betre.

– Når snøen forsvinn frå låglandet og det er mindre is på fjordane, blir skutertrafikken tvinga opp på breane. Der er det større fare for bresprekker. Du er òg meir utsett for dårleg vêr og «whiteout», fortel Dannevig.

Den populærvitskaplege artikkelen er publisert på forskning.no under tittelen "No kan det bli strengare reglar på Svalbard" 12.8.

Referansar:

Halvor Dannevig mfl.: Coping with rapid and cascading changes in Svalbard: the case of nature-based tourism in Svalbard. Frontiers in Human Dynamics, 2023. Doi.org/10.3389/fhumd.2023.1178264 

Halvor Dannevig mfl.: Impacts of climate and environmental change on tourism in Svalbard. VF-rapport nr. 7-2023.