Kronprinsen møtte klimaforskarar

Forskarar og Kronprinsen
Samtalen mellom Kronprinsen, forskarar og masterstudentar frå Climate Change Management var under leiing av Anne Karin Hamre, direktør ved Vestlandsforsking. Foto: Bror Kristian Ranaas Tandberg

Det var ein engasjert kronprins som vitja Campus Sogndal onsdag morgon. Der møtte han forskarar frå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet til ein samtale om klimaendringar under leiing av direktør Anne Karin Hamre.

Frå Vestlandsforsking deltok leiande seniorforskar Carlo Aall og stipendiat Torbjørn Selseng i tillegg til direktøren, som losa Kronprinsen og dei andre deltakarane gjennom samtalen. Aall, som leier Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt), understreka at vi treng ei klimatilpassing som "ikkje berre er kraftig, men som faktisk er berekraftig". Han trekte spesielt fram at vi må sjå på grenseoverskridande effektar av klimaendringane, til dømes korleis norsk landbruk blir påverka dersom avlingane av soya i Brasil sviktar, ettersom soya er ei viktig kjelde til kraftfôr i Norge.

– Tiltaka må ikkje gå i beina på kvarandre

Carlo Aall sa òg at vi må unngå at tiltak for å redusere klimagassutslepp og klimatilpassing går i beina på kvarandre, til dømes at dei kjem i konflikt med mål om vern av naturmangfald. Han peikte ut på granskogen i fjellsida bak Høgskulebygget for å vise eit døme på såkalla «negative samspelseffektar».

– Når den skogen blir hogd eller bles overende i ein storm, kan det auke faren for farlege skred, forklarte Aall. Han viste til at styresmaktene vurderer å halde fram med granplanting på Vestlandet som eit tiltak for å binde og lagre karbon.

– Det er uheldig om tiltak for å løyse éin del av klimaproblemet, altså utslepp, bidreg til å auke den andre sida av klimaproblemet – i form av auka klimarisiko, avslutta Aall.

Kronprinsen var tydeleg oppteken av klimaendringane. I august vitja han innbyggarar som vart råka av flaumen etter ekstremvêret «Hans» i Innlandet og Viken, og han har tidlegare uttalt til Nationen at han har slutta å ete kjøt for å bidra til mindre klimagassutslepp frå matproduksjon. Sjølv om det var mange alvorlege tema som prega samtalen i Høgskulebiblioteket, satt latteren laust.

– Lagspel må til

Stipendiat Torbjørn Selseng fortalde Kronprinsen om doktorgradsarbeidet sitt innan berekraftig klimatilpassing, og brukte metaforar frå fotballverda for å forklare kva som må til i det kommunale klimaarbeidet. Dei må gjere meir som Sogndal fotball, spele som eit lag, understreka han:

– Eit lag treng meir enn berre spissar. Viss ingeniørar skal løyse problemet åleine, risiker vi å oversjå viktige og nokre gonger enkle løysingar som andre fagpersonar kunne ha peika på, som å bruke naturen til å løyse oppgåvene for oss, sa Selseng.

– Vi må kunne ha fleire tankar i hovudet samstundes og unngå å skapa nye problem medan vi løyser eit anna, la han til.

Anne Karin og Kronprinsen
Kronprinsen hadde mange spørsmål til forskarane og studentane han møtte. Tidsskjemaet var ei stund i ferd med å få ein sprekk, men dei engasjerte forskarane let seg ikkje affisere. Foto: Idun A. Husabø

Tverrfagleg forskingsmiljø

Dei andre forskarane som deltok i samtalen, var alle frå Institutt for miljø- og naturvitskap. Medan meteorolog Kristine Flacké Haualand fortalde om lågtrykk og mekanismane bak ekstremvêret Hans, snakka geolog Thomas Scheiber om den auka skredfaren ved meir nedbør. Mette Kusk Gillespie, som er glasiolog, forklarte at ny forsking viser at Jostedalsbreen truleg vil dele seg i tre delar etter kvart som isen smeltar, og at forskarane i prosjektet Jostice skal kartlegge følgjene av at Jostedalsbreen smeltar, både med tanke på følgjer for landbruk, kraftproduksjon og reiseliv i rundt breen, men òg innbyggarane sin identitet.

Stipendiat og samfunnsvitar Ingrid Knutsdotter Koren frå HVL snakka om kor viktig det er å trekke innbyggarane med i planprosessar når den framtidige bruken av dyrebart areal skal bestemmast, medan økolog Knut Rydgren fortalde energisk om mose og myrane si evne til å lagre karbon.

– Kven skal rydde opp etter menneska sin karbonfest, spurde han retorisk, og la ei handfull grøn torvmose på bordet framfor Kronprinsen. Øydelegging av myr står for like store utslepp som den samla flyaktiviteten på jorda.

– Det beste klimatiltaket er å la myra vere i fred og gjere jobben sin, slo den smilande professoren fast.

To masterstudentar frå masterprogrammet Climate Change Management var òg med i samtalen. Trygve Deinboll Markås og Astrid Mortensen fortalde om masterprosjekta sine og verdien av eit internasjonalt miljø på studieprogrammet, helst også med studentar frå land utanfor Europa, som har vore vanleg ved dette programmet til no.

Imponert over det Sogndal får til

Etter samtalen på Høgskulebiblioteket heldt Kronprinsen ein tale ute på plassen, der ei stor folkemengd av skuleelevar, lærarar og andre innbyggarar hadde møtt fram for å høyre musikkinnslag og talar og få eit glimt av tronarvingen, trass det grå og klissblaute vêret.

I talen på ute-scena viste Kronprins Haakon Magnus til den interessante samtalen i biblioteket, og slo fast at det hastar å gjere noko, både på nasjonalt, globalt og lokalt nivå. Han la òg til at det han fekk høyre og sjå under besøket i kommunen, hadde gjort inntrykk.

– Det er imponerande å sjå kor mykje Sogndal får til, både når det gjeld natur og utdanning, frå barnehage til ph.d.,» sa Kronprinsen til dei mange frammøtte.

 

Andre saker om besøket: 

Det Norske Kongehus: "Natur og utdanning i Sogndal"

HVL: "Kronprinsen diskuterte klimaforsking då han besøkte Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal"