Karen Richardsen Moberg disputerer 15. desember

karen på konferanse
Karen Richardsen Moberg la fram funn frå avhandlinga si på ein konferanse i 2022. Foto: Idun A. Husabø

Fredag 15. desember kl. 14 kan du sjå disputasen til ph.d.-stipendiat Karen Richardsen Moberg ved Vestlandsforsking via Zoom. Ho forsvarer doktorgraden sin om berekraftig kommunal arealbruksstyring ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU).

Karen har dei siste åra jobba med ein doktorgrad om styringsprosessar for arealbruk i Sogndal, Horten, Trondheim og Malvik. Ho fokuserer på drivarar, prosessar og endringar som har påverka miljømessig berekraft i og rundt tettstadene i desse kommunane.

Tematikken er både høgst samfunnsrelevant og sentral for klima- og miljøforskarane ved instituttet, og byggjer på forskingsprosjektet Vilkår for berekraftig tettstadutvikling (Surround), som vart avslutta i 2022. I prosjektet står arealplanlegging i tettstader sentralt, og forskarane har samanlikna utviklinga i utvalde tettstader over 30 år.

I avhandlinga stiller Karen spørsmål om kvifor den lite berekraftige arealbruken i mellom anna Sogndal kommune kan halde fram 30 år etter at berekraftig arealbruk vart sett på dagsorden.

Tittelen på avhandlinga til Karen er «Bærekraftig kommunal arealbruksstyring: Tenke det, ønske det, ville det – men gjøre det?», på engelsk «Sustainable municipal land use governance: Thinking it, wishing it, wanting it – but doing it?». Professor Petter Næss ved NMBU har vore rettleiaren til Karen.

Prøveførelesing

Som ph.d.-stipendiat må ein halde ei prøveførelesing om eit tema som ligg nært opptil doktorgraden. Torsdag 14. desember skal Karen førelese over dette spørsmålet: ‘What practical and workable changes need to be made to the Norwegian planning system to achieve a more sustainable, just and legitimate development of land?’

Det skjer torsdag 14. desember kl. 14 i Festsalen (U215) (Clock Building) ved NMBU.

Du kan følgje prøveførelesinga på Zoom (Meeting ID: 668 6642 0769, Passcode: 279655)

Disputas

Sjølve disputasen til Karen skal finne stad fredag 16. desember i Gulvepsen (Bikuben) og startar kl. 14 (velkomst 14:00-14:15).

Du kan følgje disputasen via Zoom (Meeting ID: 616 6096 6914, Passcode: 443023)

 

Du  finn meir om disputasen på NMBU sine nettsider