Grønt skifte og forskingspolitikk i fokus for instituttsamling

forskingsleiarar
Forskingsleiarane ved dei fem Fokus-institutta hadde stort utbyte av å drøfte felles problemstillingar. Foto: Idun A. Husabø

Rammene for å drive forsking i regionane er i ferd med å bli snevra inn i ei tid då det burde vere omvendt. Då leiarane for dei fem samfunnsvitskaplege, regionale institutta kom saman i Sogndal 18.-19. oktober, stod difor forskingspolitikk og institutta si rolle i det grøne skiftet i fokus.

Institutta i regionane har eit felles opphav i åra 1973 til 1988 og vart skipa for at kompetansen skulle nå lengre ut i landet enn til byar, universitet og distriktshøgskular. Gjennom samarbeid med bedrifter i regionalt næringsliv skulle institutta sikre påfyll av ny kunnskap der verdiskapinga fann stad.

Det som for nokre tiår sidan var 13 slike institutt, er i dag ein familie på fem: Møreforsking, Telemarksforsking, Norsus (Norsk institutt for bærekraftsforskning), Nordlandsforskning og Vestlandsforsking. Leiinga ved desse like, men unike institutta samarbeider gjennom foreininga Fokus, mellom anna i form av årlege samlingar der direktørar og mellomleiarar kjem saman for å ta opp felles utfordringar og tema. I tillegg bidreg Forskingsrådet og fleire departement på samlingane.

Viktige midlar truga

Årets samling i Sogndal starta med noko av det mest presserande: at regjeringa i statsbudsjettet for 2024 legg opp til å avvikle ordninga med regionale forskingsfond. Desse fonda har sidan 2010 vore ei viktig kjelde til finansiering av samarbeid med bedrifter og kommunar i institutta sine heimeregionar. Midlane i dei elleve fonda kjem frå Kunnskapsdepartementet og har vore delte ut av fylkeskommunane.

grønt skifte
Det grøne skiftet er ei felles utfordring som i åra framover vil krevje mykje forsking, ikkje minst ved Fokus-instiutta. Alle institutta la fram klima- og miljørelaterte døme på forsking. Meir samarbeid på tvers av institutta på dette området, kan bli aktuelt. Foto: Idun A. Husabø

Går regjeringa sitt forslag gjennom, vil fonda falle vekk utan å bli erstatta av liknande midlar, noko dei regionale institutta òg vil merke godt. Direktørane har sendt utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget ein kritisk uttale, gjengitt som debattinnlegg i Khrono 19. oktober.

– Det er rive vekk eit trinn i trappa med verkemiddel for regionale forskingssamarbeid. Då må vi finne andre måtar å samarbeide på, seier Anne Karin Hamre, direktør ved Vestlandsforsking.

Felles fokus på grønt skifte

Til saman dekkjer dei regionale institutta eit breitt felt av forskingsområde, men på eitt område har alle forskingsaktivitet: korleis skal vi få til eit grønt skifte på ein berekraftig måte.

– Utfordringane vi har på kloden, handlar jo i bunn og grunn om vekst, sa Ailin Aastvedt ved Telemarksforsking.

Sjølv om regionane institutta høyrer til i er ulike, er klima- og naturkrisa og behovet for omstilling gjennomgåande. Frå den spissa livsløps- og berekraftkompetansen til Norsus, via Møreforsking si biologikompetanse og Telemarksforsking sin jordnære profil, med prosjekt om mellom anna berekraft i distriktskommunane, finst det mange rom for å utvide samarbeidet. Nordlandsforsking og Vestlandsforsking har alt eit tett samarbeid på feltet klimatilpassing gjennom forskingssenteret Noradapt, som omfattar åtte fagmiljø.

Slit med å trekke med næringslivet

Det ligg òg ei felles utfordring i det Bård Sandal frå Vestland fylkeskommune sa då han presenterte Grøn region Vestland, eit prosjekt der fylkeskommunen samarbeider med Innovasjon Norge: «Vi har verdsleiande næringsliv, men slit stort med å få bedriftene til å investere i forsking og ny kunnskap».

statsråd
Statsråd Oddmund L. Hoel frå Kunnskapsdepartementet møtte leiarane ved institutta til ein digital samtale om forskingspolitikk. Der deltok òg fagdirektør Gørill Kristiansen og seniorrådgjevar Thor-Martin Antonsen frå same departement og Agnes Landstad i Forskningsinstituttenes fellesarena. Foto: Monica Brugrand

Anne Merete Halpern frå Kommunal- og distriktsdepartementet presenterte den ferske rapporten Regionale utviklingstrekk 2023. Rapporten viser at forskings- og utviklingsaktivitet (FoU) er konsentrert til dei største byane, og at næringslivet i Vestland fylke nyttar langt mindre midlar til FoU enn t.d. fylka Trøndelag og Vestfold og Telemark.

Sentrale aktørar inviterte inn

Mange sentrale aktørar i forskingsinstitutta si verd var med på samlinga, som Forskingsrådet, Kommunal- og regionaldepartementet, Kunnskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Vestland fylkeskommune.

Statssekretær Oddmund Hoel frå Kunnskapsdepartementet diskuterte arbeidet med den nye stortingsmeldinga om forskingssystemet med leiarane, og fagdirektør Gørill Kristiansen frå same departement var med for å tenke høgt om forskingssystemet i departementa og utfordringar med samarbeid om forskingspolitikk og verkemiddel på tvers av departementa. Statssekretæren hadde merka seg denne tilbakemeldinga frå Fokus-institutta i høyringa til arbeidet med stortingsmeldinga:

Sektorprinsippet står sterkt i norsk forvaltning, og det er ein risiko for at forskingsretta verkemiddel blir nedprioriterte når statsfinansane blir strammare og prioriteringane mellom ulike føremål blir tøffare framover. Det er behov for gode arenaer både politisk og administrativt mellom departementa for å styrke samordninga av forskingsprioriteringar og å auke kunnskapen om Forskingsrådet si rolle.

samling i sogndal
Anne Karin Hamre og Vestlandsforsking var vertskap for årets samling. Telemarksforsking er neste ut. Foto: Monica Brugrand

Å leie andre parallelt med å forske

Instituttsektoren er konkurranseutsett. Det er hard kamp om forskingsmidlar. Samstundes med gjennomføring av prosjekt, må forskarane heile tida jobbe med prosjektutvikling og nye søknader. Dette stiller store krav til motivasjon, fleksibilitet, nettverk og hardt arbeid. Mellomleiarane har òg ei krevjande rolle, ved at dei både driv forsking sjølve, og at dei skal følgje opp og leggje til rette for at forskarane lukkast, utviklar kompetansen sin og trivst i jobbane sine. Ein del av samlinga var lagt opp med ein bolk om leiing for mellomleiarane, ved organisasjonspsykolog Claus Harald Jebsen.

Forskingsleiar for klima og miljø ved Vestlandsforsking, Halvor Dannevig, sette pris på å få møte andre som har liknande oppgåver som han sjølv og dei tre andre mellomleiarane ved instituttet.

– Å treffe andre med ei tilsvarande stilling gir høve til å lære av kvarandre. Det var interessant å få utveksle erfaringar om dei utfordrande sidene ved rolla vår, og vi fekk med oss relevante og gode råd på vegen.