Ny rekord for koronaartikkel

Foto
Stefan Gössling forskar på reiseliv, transport og klima og har hatt ei stilling ved Vestlandsforsking sidan 2007. (Arkivfoto)

Ein vitskapleg artikkel om korleis reiselivet blir råka av koronakrisa har sett ny lesarrekord. Over 43.000 har til no lasta ned artikkelen, som er skriven av Stefan Gössling ved Vestlandsforsking. Tidsskriftet har aldri registrert tilsvarande interesse for ein publikasjon.

Medan land etter land stengde ned for å stoppe spreiinga av koronaviruset i vår, sette professor og forskingskoordinator Stefan Gössling ved Vestlandsforsking seg ned for å reflektere rundt krisa som vaks fram rundt han. Saman med to medforfattarar, Daniel Scott ved University of Waterloo i Canada og Michael Hall ved University of Canterbury i New Zealand, tok Gössling for seg koronakrisa i eit større perspektiv og kopla situasjonen til klimaendringane.

Manuskriptet vart sendt inn 6. april og var gjennom den grundige vurderinga på 11 dagar. Alt 27. april publiserte tidsskriftet Journal of Sustainable Tourism artikkelen med tittelen "Pandemics, tourism and global change: a rapid assessment of COVID-19".

Med det fekk forskarane publisert den første vitskaplege artikkelen om reiseliv og covid-19 – men nye rekordar venta.

Historiske tal

Mange vitskaplege artiklar blir nærast gløymde etter at tidsskrifta har lagt dei ut. Dei fleste som publiserer, er nøgde dersom nokre hundre sjeler lastar ned fullversjonen. Blant forskarar som Gössling, blir 10.000 nedlastingar rekna som svært bra, medan dei aller færraste opplever så høge tal som 20.000.

Artikkelen Gössling og dei røynde kollegane hans skreiv i vår, har gått som varmt kveitebrød. Innan midten av juni er det blitt den mest nedlasta artikkelen i tidsskriftet si 27 år lange historie. Til saman har artikkelen blitt lasta ned over 43.000 gonger på rundt seks veker.

Gössling sjølv er gledeleg overraska over interessa. Han ser det som eit utslag av at pandemien verkeleg skil seg ut:

– Det er ei mykje større krise enn vanleg, tenker eg. For mange verksemder er dette eit spørsmål om liv eller død.

Klimakrisa blir verre

Kanskje heng artikkelen sin popularitet saman med at forskarane rører ved ikkje berre eitt mørkt kapittel i verda akkurat no, men to. Dei tre forskarane legg nemleg vekt på at vi bør sjå koronakrisa, med sine høge dødstal, ansiktsmasker og tomme gater som ein forsmak på problema klimaendringane vil bringe med seg. Med tida er det ingen tvil om at klimakrisa kan stikke større kjeppar i hjula for samfunnet og reiselivsnæringa enn covid-19 gjer i dag.

– Dersom vi let vere å omstille samfunnet vårt, altså få på plass nullutsleppsløysingar i alle delar av samfunnet, kjem vi til å oppleve langt verre situasjonar enn vi gjer i 2020, understrekar Gössling.

Gjenoppbygging

Han tek òg for seg korleis vi bør tenke når reiselivet, etter ein tøff periode med mange konkursar, skal byggast opp att. Nye løysingar som ikkje inneber klimagassutslepp må få innpass, i staden for at staten syter for ei storskala gjenoppliving av det som var før.

– Koronakrisa bør brukast til å gjenoppbygge turismen til ei lågutsleppsnæring som Norge og andre land faktisk kan leve av etter oljen, understrekar Gössling.

I staden for koronapakkar til luftfarten, tilrår forskarane bak artikkelen å gje reiselivet støtte for å omstille seg i klimavenleg retning. Også andre typar berekraft må bli viktigare ved  reiselivsdestinasjonar: Generelt meiner forskarane at reisemåla må skaffe seg fleire bein å stå på slik at dei ikkje blir slått ut av den neste, store krisa.

– Turistnæringa må vekk frå jakta på stadig vekst i turistvolum og risikoen som følgjer med det. Det er viktig å satse på færre turistar med større betalningsvilje og meir motstandsdyktige marknader, slår reiselivsforskaren fast.