Carlo Aall ved Vestlandsforsking blir professor i berekraftig utvikling

Forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking i Sogndal er den første norske forskaren som blir professor på temaet berekraftig utvikling. Aall er frå 1 august 2012 gjesteprofessor/professor II i berekraftig utvikling ved Aarhus Universitet Herning, Danmark. Der skal han arbeide med temaet klimaomstilling i det nordiske Centre of Excellence ”NORD-Star”. Aall held fram i full stilling som forskingsleiar ved Vestlandsforsking.

Etter at den første stortingsmeldinga om berekraftig utvikling vart lagt fram i 1987 blei det vedtatt å gje alle dei (då) fire norske universiteta og dåverande Norges Landbrukshøgskole (no Universitetet for miljø- og biovitenskap) kvart sitt "Brundtlandprofessorat" i berekraftig utvikling. Professorata blei imidlertid aldri lyst ut, og etter fleire års interne diskusjonar om kva for institutt som skulle få professorata, blei pengane trekte tilbake.

No, 25 år etter at Brundtlandrapporten lanserte målet om ei berekraftig utvikling, får Noreg sin første professor innan berekraftig utvikling. Aall har arbeidd ved Vestlandsforsking sidan 1990 og vore sentral i å byggje opp forskinga på berekraftig utvikling ved instituttet. Komiteen nedsett av Universitetet i Aarhus for å vurdere kvalifikasjonane til Aall seier m.a. følgjande: “In conclusion, we find that Carlo Aall is a highly qualified researcher with international leading publications in the field of sustainability studies who has contributed substantially to developing the academic discipline at the international and local level”.

Meir om Aarhus Universitet Herning