Ny strategi for Altinn

Norstella og forskingsprosjektet Semicolon II, som til saman utgjer Samhandlingsarena, inviterte til diskusjonsseminar om den nye strategien for Altinn 18.04.13. Her følgjer eit twitterat (twitter-referat) frå arrangementet.

Nærings- og handelsdepartementet har nyleg lagt fram ein strategi for vidareutvikling av Altinn. Strategien var oppe til diskusjon på møtet 18.04.13 i regi av Samhandlingsarena. Som vanleg "maste" Vestlandsforsking om videostrøyming (nettoverføring), og som vanleg var svaret at det ikkje var planlagt. Og som vanleg tok me ansvar sjølve og sørgde for at arrangementet vart tilgjengeleg også for dei som bur langt frå Oslo. Det er faktisk størsteparten av innbyggjarane her i landet..

Eit smartare næringsliv
Videostrøyminga av arrangementet vart gjort i samband med det Transnova-støtta prosjektet "Eit smartare næringsliv". Altinn er ein innrapporteringsportal særleg for næringslivet, og den vidare utviklinga av tenesta er difor særleg interessant for denne sektoren.

Twitterat = Twitter-referat
Referatet frå møtet er rett og slett twitter-meldingane eg la ut under arrangementet, og dei innspela som kom til desse. Dette er mine tvitringar og spørsmål og kommentarar eg mottok frå andre på Twitter er ikkje inkluderte.

Her er Twitter-straumen:

Seminar om #Altinn sin nye strategi startar no kl. 10.00. Følg det her: http://t.co/v70GWqq3An

Emma C. Jensen Stenseth, NHD: Korversjonen er at #Altinn er ein suksess (trass ein del negative medieoppslag). http://t.co/v70GWqq3An

#Altinn er unik som samarbeidsløysing, seier Emma C. Jensen Stenseth, NHD på seminar: http://t.co/v70GWqq3An

@HCHolte om ny #Altinn-strategi no. Kan han få litt meir fart i seminaret? http://t.co/v70GWqq3An

#Altinn-utviklinga må sjåast i sam.h., og ta omsyn til, utvikling av andre felles plattformer, seier @HCHolte

Det er nok ei frykt for at #Altinn skal bli ein gaukunge i den offentlege IT-utviklinga, og at den ikkje skal ta omsyn til andre sats.

Har ikkje fått til ei god nok felles utvikling og forvaltning av dig. tenesteutv. i off. sektor hittil, seier @HCHolte #Altinn

@HCHolte: Må samordna samordningsinitiativa (puhh) #Altinn

Karl Olav Wroldsen, Skatteetaten, om forventningar til #Altinn. Wroldsen pleier vera forbilledleg klar i sin tale. http://t.co/v70GWqq3An

#Altinn = Alternativ innrapportering. Opna i 2003

Wroldsen listar opp krav til #Altinn som til forveksling liknar ei sky-løysing. På tide å vurdera ei off. norsk skyløysing?

@HCHolte Eg vil gjerne høyra om tida er inne for å vurdera ei felles norsk skyløysing for å red. driftsutg. og tryggja kapasitet

Flytting av sjølvmelding frå #Altinn I til Altinn II kosta 100 mill. Lite lystne på ei ny tilsv. flytting med det første

Wroldsen karakteriserer #Altinn-strategien som ein overlevingsstrategi. Grei på kort sikt, men må tenkja lenger fram

@HCHolte Synest også samordnings- og koordineringssp.m. du tok opp, er viktige. Men reknar med dei kjem opp uansett. #Altinn

Viktig at #Altinn bevegar seg frå dagens rel. tekniske fokus til org. og politisk fokus., seier Karl Olav Wroldsen

Det eksterne (brukarorienterte) perspektivet må vera styrande for #Altinn-utviklinga, avsluttar Wroldsen

Kirsti Kierulf, KommIT, understrekar kor viktig det er å bruka skattebetalarane sine pengar fornuftig #Altinn

@Velmont Ha-ha, ja eg kjenner eit visst ansvar for å vera aktiv når eg først har mast meg til videostrøyming :)

Der kom Kirsti Kieruld med forslaget om ei nasjonal sky for off. IT-løysingar. Bra! #Altinn

Kommunane er dei som først og fremst manglar i #Altinn - dei må inn! Per Morten Hoff

#Nav er etterlyst på #Altinn-seminaret. Dei var inviterte, men kom ikkje. Nav manglar kanskje også i det store Altinn-biletet?

Følg #Altinn-debatten (paneldebatt) på nett no: http://t.co/v70GWqq3An

Viktig å gå tilbake til det opprinnelege: ALTernativ INNsending - ikkje at ALT skal inn via #Altinn - Jon Arve Risan, Statns Pensjonskasse

Wroldsen: #Altinn som operativsystem for off. digital forvaltning?

Kirsti Kierulf etterlyser eit kart der alle dei viktigaste felleskomp. er teikna inn, og sam.h. mellom dei #Altinn

#Altinn-strategien seier ingen nye tenesteeigarar dei første to åra. Korleis går det saman med #Digitaliseringsprog?

SKATE blir framheva av @HCHolte som det viktige organet for samordn. av off. fellesløysingar, også for #Altinn

Arild Jansen: #Altinn er ikkje berre _ein_ felleskomp., det er kanskje 3-4. Det må tydeleggjerast

Arild Jansen: Tenk #Altinn-infrastruktur på same måte som Internett: Lagdeling, modularitet og framfor alt enkelheit

@magnusschaft Han vil vi få fram at det finst andre IT-løysingar enn #Altinn. Altinn skal ikkje løysa alle IT-utfordringane

Arild Jansen: Følgjeforsking er viktig i #Altinn-samanheng. #Semicolon-prosjekta godt eksempel

Ragnar Sturtzel @rsturtzel peiker på at andre lev. klarer å handtera eit mangfald av kommuanr med mange tenester. #Altinn bør forenkla

Shazad Rana: #Altinn er fantastisk når staten skal HA pengar, det er elendig når staten skal dela ut pengar

@magnusschaft Enig, men samordning og standardisering betyr ikkje EITT system

Shazad Rana: Tenesteeigarane sine behov grundig omtalt i #Altinn-strategi, men kva med brukarane?

#Altinn må over frå ein teknologisk- og prosjektorientert fase til ein drifts- og forvaltningssituasjon, i følgje Wroldsen

Wroldsen: Om #Altinn hadde blitt bygt på nytt, måtte ein ha hatt ein grundig diskusjon av kva ein felleskomp. er

Wroldsen: Viktig å reindyrka ("reinskjera") #Altinn til det den faktisk skal levera, ikkje ta inn alt muleg

Wroldsen: Korleis passar #Altinn når vi går frå skjema til dialogbasert komm.?

Shazad Rana (hmm, ikkje på Twitter?) meiner det off. må ta ansvar for infrastrukturen, men andre aktørar stå for sluttbrukarløys.

Frode Ettesvoll: Vil gjerne ha alt gjennom #Altinn, men alle løysingar må ikkje utviklast av/i Altinn

Wroldsen: 4 krefter som driv IT-utv. og som det off. ikkje har kontroll på: mobil, sos. med., skytenester og #BigData

@HCHolte: Viktig med heilh. målbilete med utg. i brukarane. Viktig med god tilrettelegg., vi veit lite om bruken framover (#opnedata f.eks)

@shah_rana ser ikkje på #Altinn-strat. som anna enn naturleg avslutn. på eit IT-prosjekt. Manglar skikkeleg visjon, som ein strategi må ha

Kirsti Kierulf: Må laga eit felles målbilete for #Altinn. Må passa oss for ikkje å laga ein nasjonal transp.plan - vi må prioritera!