Miside: Berget som fødde ei mus

Innlegget er publisert i Computerworld 24.02.2012

Hans Chr. Holte, direktør i Difi, skriv i Computerworld 16.02 at Miside er kvalen som fødde ein delfin. For eigen del vil eg seia at Miside heller er berget som fødde ei mus.Men musa har mulegheiter som eg meiner Holte overser i sin iver etter å tilpassa Miside til dei nye trendane han ser.

Miside og Norge.no: Skilde frå fødselen
Morten Meyer tenkte mykje rett då han sommaren 2004 ba Norge.no utvikla ein demonstrator for det som skulle bli Miside. Feilen var at han ikkje inkluderte Norge.no i den vidare utviklinga også, slik at Miside kunne bli den naturlege delen av Norge.no-tenesta som den var planlagt frå starten. I staden tviheldt departementet på utviklinga og dermed vart Miside og Norge.no søsken som vart skilde frå fødselen.

Miside ei lenkesamling
Der Miside skulle ha vore ein naturleg del av Norge.no, vart tenesta berre ei lenkesamling med innlogging, frikopla frå informasjonen om tenestene. Legg til ein kronglete registrerings- og innloggingsprosess og tenesta kom skeivt ut. Den hadde rett nok ei viktig felles innlogging (single sign-on) for lettare å hoppa til nettstaden der skjemaet fanst. Og det aller viktigaste var kanskje at innsyn i eigne data, etter mitt syn ei kraftig undervurdert  teneste.

Kunnskapsbasert avgjerd?
Computerworld har heilt rett når dei reiser tvil om analysen som ligg til grunn for avgjerda om utfasing av Miside. Holte og Difi meiner at portalar er ut, det er like umoderne som sleng¬bukser på 80-talet, og alt som smakar av portal må vekk. Det nye er nettbrett og smarttelefonar. Men kva har nettbrett eller smarttelefon med dette spørsmålet å gjera? Om noko, så er det heller vanskelegare å finna fram med dei nye verktøya enn med ein pc.

Difi si eiga undersøking frå 2011 (”Innbyggernes kommunikasjon med det offentlige – holdninger, kjennskap og bruk”) viser nettopp at innbyggjarane ikkje finn lettare fram enn før. Den einaste haldbare konsekvensen av denne undersøkinga er ei styrking av oversiktsdelen, ikkje nedbygging. Og eit viktig moment når det gjeld ”bruks”-delen av  undersøkinga er at ein ikkje må høyra på brukaren (Jakob Nilsens lov: ”Don’t listen to users. Watch them work”). Brukartestar viser at mange over¬vurderer eigne evner, særleg gjeld dette yngre brukarar.

Samanslåing av Norge.no og Miside og bruk av Los
Både Danmark og Storbritannia satsar på oversiktstenester med borger.dk og gov.uk, og særleg Danmark blir halde fram som eit av dei leiande landa innan e-forvaltning. Eg trur ein integrasjon av Miside i Norge.no framleis har mykje for seg viss målet er å hjelpa innbyggjarane til å finna fram på nettet, men då er det viktig at dette blir gjort rett og at det blir bygt på ein solid grunnmur. Delar av denne grunnmuren sit Difi på sjølve, i form av felleskomponenten Los. Los er eit vokabular for offentlege tenester og eit system for elektronisk samhandling. Men dessverre verkar det som Difi ikkje ser verdien av dette, som kunne og burde vore limet som automatisk bind saman elektroniske tenester i heile offentleg sektor. Utan å sjå statleg og kommunal sektor under eitt, vil vi få store problem med å realisera måla i digital agenda for Norge.