Forum for store offentlege nettstader

Forum for store offentlege nettstader er ein samlingsarena for dei som arbeider med store statlege og kommunale nettstader. Eg var invitert til til møte 25.03.14 for å halda innlegg om korleis gjera det enklare å vera e-borgar.

Forum for store offentlege nettstader, FSON, heitte tidlegare Forum for store offentlege portalar. Men portalar er ute, og det meir nøytrale 'nettstad' vart teke i bruk.

På samlinga 25. og 26. mars var eg var invitert til å halda foredrag om korleis gjera det enklare å bli e-borgar. Presentasjonen finst under.

Det var ei samling på rundt 35 høgt kompetente personar som i møterommet i SSB sine sprettande nye (nyoppussa) lokale. Det er både inspirerande og litt skremmande å skulla presentera for så mykje kompetanse, men eg går inn i det med eit ønskje om å læra meir av kva dei driv med. Det seier eg trass i at eg var ganske kritisk mot enkelte av nettstadene som var representerte der.

Sven Ølnes:

Offentleg informasjon og tenester på nett - korleis gjere det enklare å vere e-borgar?