Bibliotek 2.0

Litt stygt sagt er det først no biblioteka ser ut til å ha oppdaga krafta i Internett. Det nyleg føreslåtte rammeverket BIBFRAME frå Library of Congress er ikkje noko mindre enn ein revolusjon innan bibliotekverda.

 

Bibliographic Framework
Library of Congress i USA er den viktigaste institusjonen i bibliotekverda med tanke på standardar. Når dei no lanserer eit nytt rammeverk, eller arkitektur, for utveksling av biblioteksdata, er det 40 år sidan siste det skjedde. Det nye rammeverket, BIBFRAME – Bibliographic Framework Initiative, er basert på semantisk web og lenka data. Det er eit kvantesprang frå dagens MARC-standard som er i bruk i bibliotek over heile verda.

MARC
Det var Library of Congress som stod bak den eksisterande standarden for utveksling av bibliografiske data; MARC. MARC står for Machine-Readable Cataloging) og vart utarbeidd på 1960-talet. Standarden spesifiserer utvekslingsformat for bibliografiske data. Den noverande MARC 21 vart utarbeidd i 1999. Det finst mange nasjonale tilpassingar av MARC-standarden. I Norge har vi NORMARC (og i Danmark sjølvsagt DANMARC :).

Frå MARC til lenka data
Library of Congress har til liks med mange andre biblioteksmiljø innsett at tida for MARC snart er over. Den eksisterande standarden vart utarbeida i 1960-åra for å få til maskinell utveksling av bibliografiske data. Den har vorte sjølve arbeidshesten for datautveksling mellom bibliotek og er svært viktig. Men den er sjølvsagt prega av tida den vart utvikla i; både når det gjeld ressurstilgangen på den tida og at den dekkjer eit streng internt behov. Kopling mot eksterne ressursar var aldri noko tema.

Kvifor lenka data?
Rapporten ”Bibliographic Framework as a Web of Data” siterer Sir Tim Berners-Lee sin omtale av utviklinga av nettet og utvidinga av perspektivet, i artikkelen ”Giant Global Graph”:

Hovudideen bak Internett var: ”It isn’t the cables, it is the computers which are interesting

Vidare til web-en: “It isn’t the computers, it is the documents which are interesting

Og til lenka data: “It isn’t the documents, it is the things they are about which are important

Det er denne utviklinga, særleg dei to siste trinna, som blir omtalt som “from strings to things”.

Med forslaget om å bruka lenka data som arkitektur for neste generasjons utveksling av biblioteks-data, tek Library of Congress, og andre leiande bibliotek, konsekvensen av det mange alt har innsett:

Også biblioteka må forholda seg til omverda og ta inn over seg at informasjonen dei handterer har viktige knytingar til eksterne kjelder

Framtida krev ei opnare og meir fleksibel handtering av data

Det finst ein god modell (arkitektur) for omtale og samankopling av data. Den er basert på web-en og hovudingrediensane er URI-ar for namngiving av ressurar, HTTP-protokollen for utveksling og tilgang og RDF (Resource Description Framework) som eit rammeverk for modellering

Frå silo-databasar til opne, lenka data
Biblioteka går her inn på ein veg som mange andre også må inn på. Siloar er bra for gras, men ikkje for data. Svært mange verksemder, både private og offentlege, har ein stor jobb i å pumpa data ut av siloane sine. Det betyr ikkje at databasar er uaktuelle som teknologi. Relasjonsdatabasen som er motoren i moderne informasjonsbehandling, går utmerka saman med den semantiske teknologien. Dei to teknologiane utfyller kvarandre. Men det viktig at verksemdene etter kvart forstår begrensningane i databaseteknologien og mulegheitene i semantiske web og lenka data.

Kunnskapsorganisering – KORG
Høgskolen i Oslo og Akershus arrangerte nyleg konferansen Kunnskapsorganisasjonsdagene 2013 (KORG ’13) der m.a. professor Nils Pharo orienterte om det nye initiativet frå Library of Congress. Konferansen vart kringkasta på nettet (honnør til HiOA!) og presentasjonane er tilgjengelege her.

Kultursektoren og Fylkesarkivet i leiinga
Når eg startar med å seia at biblioteka kjem seint til festen, er det både rett og litt urettferdig. Innan norsk offentleg sektor har kultursektoren vore mellom dei fremste i arbeidet med tilrettelegging for nettet og å utnytta dei nye mulegheitene som kjem med semantisk web og lenka data.

Heilt fremst er kanskje vårt eige Fylkesarkiv takka vera visjonær satsing på digitalisering og tilrettelegging for nettbasert presentasjon. Fylkesarkivet har dei seinaste åra også hatt fleire prosjekt med utprøving av semantisk web og lenka data, og har slik sett alt starta på det arbeidet Library of Congress no føreslår skal vera hovudstrategien. I fjor vart det Kulturrådstøtta prosjektet ”Semantisk samhandling i kulturformidlinga” ferdigstilt, med Vestlandsforsking som ein av partnarane. I år er Fylkesarkivet involvert i to nye prosjekt støtta av Kulturrådet der dei skal vidareføra arbeidet med lenka data. I begge prosjekta er Vestlandsforsking ein sentral partnar.