Altut!

Sverre Andreas Lunde-Danbolt lanserte begrepet Altut i eit innlegg i Aftenposten i november i fjor. Altut er sjølvsagt motstykkjet til innsamlingsportalen Altinn. Ideen er at frislepp av offentlege data vil både styrka demokratiet gjennom meir openheit.

I innlegget koplar Lunde-Danbolt Altut til demokrati og openheit, eit veldig viktig poeng. Men andre viktige effektar er auka innovasjon gjennom skaping av nye tenester og tilbod med bakgrunn i offentlege data.

USA er, som ofte, i førarsetet også her. Den nye Obama-administrasjonen lanserte data.gov som ein stad å samla mest muleg offentlege data og også å visa korleis offentlege midlar blir brukte i ulike it-prosjekt. Eg har omtalt initiativet i eit tidlegare blogginnlegg.  Denne veka har Storbritannia lansert sin versjon, data.gov.uk, og Gordon Brown henta inn Tim Berners-Lee som inspirator og rådgjevar (sjå omtale i avisa Guardian).

Som Tim Berners-Lee peikar på i Guardian, treng ikkje dette bli eit mega-prosjekt. data.gov.uk er bygt opp etter "beta-"prinsippet: rask utvikling med vekt på opne og lette løysingar. Ingen tunge databasar og massiv programmeringskode, men så enkelt som muleg i tråd med tilrådde prinsipp for Internett-arkitektur.

I Norge heng me etter, dessverre. Me har alle føresetnader til å bli gode på dette området, men nokon må ta eit tydeleg initiativ. Denne "nokon" bør vera statsråd Rigmor Aasrud. Men det trengst eit kraftig påtrykk og bruk av makt for det er mange motførestillingar rundt om i offentlege verksemder. Som Tim Berners-Lee seier i Guardian-intervjuet: "You have no idea of the excuses people come up with to keep data out of your hands, even when you as taxpayers have paid for it".

24. januar fyller Norge.no 10 år! Ønskjet mitt for jubilanten er at data.norge.no blir den nye staden å samla offentlege (rå-)data. Tek FAD og Difi utfordringa?