Kvalitet på nett: Størrelse tel

Forskar Svein Ølnes deltok på konferansen European Conference on eGovernment, ECEG, ved universitetet i Insubria i italienske Como forrige veke. Der presenterte han ein artikkel basert på resultat frå Difi sine årlege kvalitetsundersøkingar av offentlege nettsider.

Tittelen på artikkkelen var "Small is Beautiful or Bigger is Better? Size of Municipalities and Quality of Websites". Artikkelen var basert på resultata av Difi sine årlege kvalitetsundersøkingar i åra 2007 - 2011. Den tek opp spørsmålet om kvalitet på nettsider i forhold til størrelse på kommunane og analyserer kva som kan vera årsaka til at større kommunar gjennomgåande oppnår betre kvalitetsskår. I tillegg drøftar artikkelen kva for kvalitet som eigentleg blir målt i desse undersøkingane.

Konferansen ECEG er ein av 2-3 store europeiske konferansar om e-forvaltning. Andre viktige konferansar innan forskingsområdet er IFIP eGov og ECIS. Konferansen i Como, ein liten by ved Como-innsjøen ein times tid nord for Milano, samla rundt 130 deltakarar der dei fleste var forskarar innan e-forvaltning.

Difi har sjølve publisert ein rapport om arbeidet med kvalitet på nett og resultata av det.