Balestrand summit 2009

logo

Balestrand Summit 2009

Program 25. og 26. mai 2009

Tema dag 1: Utfordringar og potensiale for berekraftig reiseliv

12.00-13.00: Lunsj: ”Sognatapas”

13.00-14.15: Opning

Kva er utfordringa for eit berekraftig reiseliv?

Resultat: Kva har vi oppnådd med Balestrand I og kva ynskjer vi å oppnå med Balestrand II og III

Ved direktør Agnes Landstad, Vestlandsforsking

15 minutt pause

14.30-15.15 Lønsemd og berekraft. Tre  tilnærmingar :

  1. Berekraft” som marknadsnisje for reiselivet. Audun Pettersen, Innovasjon Norge
  2. Berekraft” som inngang til kortsiktige kostnadsinnsparingar : Assoc. Professor DrJean-Paul Ceron, University of Limoges, France
  3. ”Berekraft” som inngang til langsiktige omstruktureringar: Professor Dr. David Weaver

15.15-16.00 Round table: Audun Pettersen (Innovasjon Norge), Per Morten Vigtel (Forum for reiseliv), Hilde Charlotte Solheim (HSH reiseliv), Knut Almquist (NHO reiseliv), Fride Solbakken (politisk rådgjevar Nærings- og handelsdepartementet), og Dr. Truls Engström (Universitetet i Stavanger).

Ein rundebordsdiskusjon med utgangspunkt i dei tre innlegga over der deltakarane skal diskutere følgjande: Korleis kan næringa og styresmaktene sikre både lønsemd og berekraft i reiselivet?

30 minutt pause

16.30-17.00 Mat og berekraft : Dr. Carlo Aall, Vestlandsforsking
Kva rolle spelar maten i arbeidet mot eit berekraftig reiseliv? Vestlandsforsking presenterer utrekningar omkring klimabelastning frå mat og viser korleis reiselivet kan redusere klimabelastninga frå servering av mat.

17.00-17.15: Kviknes Hotell og berekraftig reiseliv: Direktør Sigurd Kvikne
National Geographic har fleire gongar kåra dei norske fjordane til verdas beste reisemål. Korleis oppfyller hotellnæringa i Sogn forventningane som kåringane har skapt?

17.15-17.30: Kveldens middag: kokk Ole Johnny Eikefjord
Kveldens middag vert eit spennande eksperiment. Den profilerte kokken Ole Johnny Eikefjord - kjent for Restaurant Eik i Oslo og den prisløna kokeboka ”Gourmet for folket” - tilberedar  og fortel om ein 3-rettars middag med minst mogeleg klimabelastning.

17.30-18.15: Engelskkyrkja i Balestrand: Eit lite stykke reiselivshistorie

19.45 Høyviksalen: Apertif og ein keisarhistorie

20.00 Middag

Fylkesordførar Nils R. Sandal: Velkommen til Sogn og Fjordane - fylket som satsar på berekraftig reiseliv

Tema dag 2: Korleis møter reiselivet utfordringane? Gode døme frå inn- og utland.

8.30-09.15 Marknad og lønsemd - praktiske erfaringar

  1. Regionaløkonomi og lønsemd, Røros : Johannes Idsø, forskar Høgskulen i Sogn og Fjordane
  2. Kvalitetsmerking av reisemål i verdsklasse : Ivar Petter Grøtte, forskingsleiar Vestlandforsking.

09.15-10.15 Korleis møter transportsektoren berekraftutfordringane?

Best practice: Finnair, Carbon labelling : Kati Ihamäki, Sustainable Manager

Paneldebatt: SAS (Helge Hafstad), Norges Bilutleieforbund (Leif Nybøe), Nor-Way Bussekspress (Bjørn Østby), Hurtigruta (Kirsten Schulz), Avinor (Olav Mosvold Larsen), European Cruice Service (Arthur Kordt)

Ein paneldebatt der representantar frå transportsektoren ser på utfordringane ved eit bærekraftig reiseliv. Moderator: Professor Dr. Stefan Gössling, Vestlandsforsking

15 minutt pause

10.30-12.00 Tankesmie

Balestrandskonferansen er ein viktig møtestad for diskusjon av framtidas reiseliv. Vi ynskjer også at du som deltakarar skal få bli med i mindre gruppe som tek opp ulike tema. Det vert høve til å delta i ei av tankesmiene.
Bli med i ei tankesmie, du og!

1. Lønsemd i reiseliv: Sustainable Yield

Universitetet i Stavanger, tankesmedar Truls Engström og Anethe Sandve

Reiselivet er ei kompleks næring og det er ei stor utfordring for beslutningstakarar å få oversikt over kostnader og nytteeffekter av investeringar i reiselivsnæringa. Tradisjonelt tek ein ofte utgangspunkt i økonomiske og finansielle mål for strategiske beslutningar, men miljømessige, sosiale, kulturelle og evt. andre  konsekvensar bør også integrerast i slike lønnsomhetsanalyser. ”Sustainable tourism Yield” er eit internasjonalt forsøk på å måle fleire slike parametre parallelt som har blitt brukt i m.a New Zealand og Australia. No vert slike analysar gjennomført i Norge.
Denne tenketanken presenterer erfaringar frå andre land og legg fram vårt forslag til korleis ein kan gjennomføre dette i Norge. Vi vil invitere interesserte aktørar til diskusjon og innspel for at så mange som mogleg kan få nytte av resultata i framtida.

2. Berekraft og lønsemd i langsiktig perspektiv

Vestlandsforsking, tankesmedar Stefan Gössling og Carlo Aall

Reiselivet kan utan tvil auke lønsemda på kort sikt ved å legge om til energisparing, men kva med det langsiktige perspektivet? Oljeprisen vil truleg stige igjen, noko som påverkar kostnadane ved reising. Kvotehandel vil legge større press på industrien, og prisen på grønne løysingar som biodrivstoff vil verte høg. I alle land kan myndigheitane forvente at dei i stadig større grad må styre eit forbruk som belastar klimaet meir og meir. Summen av dette er eit synleg behov for nye tilnærmingar til reiselivsutvikling.

3. Måling av økonomiske verknader av reiseliv, regionalt og lokalt nivå (Transportøkonomisk Institutt)

Transportøkonomisk Institutt, tankesmedar Petter Dybedal og Eivind Farstad.

Turisme er mange steder et betydelig tillegg til fastboendes etterspørsel etter varer og tjenester. En turist benytter seg ikke bare av rene reiselivstjenester, men øker også kundegrunnlaget i andre næringer (overrisling). Inntektsskapingen fra dette kan utgjøre et avgjørende bidrag til økonomisk bærekraftighet i en del områder.

Ringvirkningsstudier er etterspurte, for blant annet å legitimere offentlig engasjement i reiseliv. I denne tenketanken gis først en rask innføring i styrker og svakheter ved ringvirkningsanalyser og hva vi jobber med å forbedre av datagrunnlag og metoder for virkningsanalyser på ulike nivåer. Det åpnes for innspill og meningsutveksling om både metoder, datagrunnlag og ikke minst om nytte og bruk av slike analyser.

12.00-12.45: Lunsj

12.45-14.15 Best practice destinasjon og bedrift

  1. Destinasjon: Whistler , Canada: Bill Brown.
  2. Bedrift: Hilton, Paulina Bohdanowicz, Sustainable Manager Hilton Europe
  3. Destinasjon: Werfenweng, Austerrike , Dr. Peter Brandauer, konsulent ÖAR-regionalrådgjeving.
  4. Alpine Pearls , Karmen Mentil, President Alpine Pearls.

15 minutt pause

14.30-15.15 På veg mot eit berekraftig reiseliv i Norge?

  1. Berekraftpilot destinasjon Trysil : Gudrun Sanaker Lohne, dagleg leiar Destinasjon Trysil og Gro Svarstad, næringssjef i Trysil kommune.
  2. Berekraftpilot destinasjon Lærdal : Helene Maristuen nestleiar Aurland og Lærdal Reiselivslag og Harald Blaaflat Mundal, næringsrådgjevar Lærdal kommune.
  3. Kommentar ved dr Carlo Aall, Vestlandsforsking

15.15-15.45 Avslutting:

Kva utfordringar og muligheiter kan dei pågåande klimaforhandlingar gje reiselivet?
Erling Sande, medlem Energi- og miljøkomiteen (Sp) og Gunvor Eldegard, nestleiar i Storingets miljøkomité (Ap)

Avrunding Balestrand summit 2009, Bernhard Lane

27. mai 8.30-12.00 Forskarseminar
Det vert halde eit internt forskarseminar

Fotografi

Presseklipp:

NRK Sogn og Fjordane

NRK Sogn og Fjordane

Sogn Avis