Fire nye forskarar

Fire nye forskarar

Marta Karoline Jansen, Torbjørn Selseng, Mari Hanssen Korsbrekke og Hoang Long Nguyen kjem til Vestlandsforsking med stor og variert kunnskap frå mange fagfelt. Dei skal jobbe med mellom anna klimatilpassing og stordata.

Dr. Hoang Long Nguyen frå Vietnam er tilsett som forskar ved Vestlandsforsking frå september 2019. Han har mellom anna Ph.D innan datateknikk frå Yeungnam University og Chung-Ang University i Sør-Korea, der han i eit år jobba som postdoktor. Hoang Long sine forskingsområde inkluderer kunnskapsteknologi på sosiale nettverk ved bruk av maskinlæring, semantisk nettverksdrift og "ambient intelligence".
– Eg får jobbe på eit innovativt team, delta i prosjekt med praktisk nytte og veksa ved å få ny kunnskap og lære nye ferdigheiter. Eg brenn for forskinga mi, og vil gjera alt eg kan for å bidra til vidare utvikling her, seier han.

Torbjørn Selsengfrå Sogndal har mastergrad i klimaomstilling frå HVL, pluss bachelor i både journalistikk og statsvitskap frå Universitetet i Oslo. Masteroppgåva hans tek for seg korleis utforminga av demokratiske institusjonar spelar inn på statar si evne til å redusere CO2-utslepp. Oppgåva konkluderer mellom anna med at eit stort innslag av institusjonar som vektlegg lik fordeling og lik tilgang, element som er sentrale i FNs berekraftmål, svekkar land si klimaomstillingsevne. 
– Det er nok ei kjennsgjerning at teori ikkje alltid let seg omsetja til praksis, kanskje spesielt på eit lokalt nivå som allereie er hardt skvisa på ressurssida. Den daglege verksemda i forvaltinga ser neppe heilt slik ut som den gjer i lærebøkene, tenkjer eg. Det skal bli interessant å læra frå dei som faktisk skal utføra arbeidet me forskar på, og å sjå kor skoen verkeleg trykkjer rundt om, seier han.

Marta Karoline Jansen frå Lærdal har ein master i økotoksikologi ved universitetet i Tromsø og Svalbard. Ho har 3,5 års erfaring frå feltbasen til Norsk Polarinstitutt ved Ny Ålesund på Svalbard, og arbeidde med studiar på drivhusgassar og miljøgifter i luft, vatn, organismar, bre og is. Seinare har ho jobba innan forvaltninga for å gjere Lenvik og Tromsø kommune betre rusta til å møte klima og miljøutfordringar.
– Eg håpar arbeid mitt kan hjelpe kommunar, fylker og næringslivet til å finne gode tiltak for å løyse utfordringar klimaendringane fører med seg, seier ho.

Mari Hanssen Korsbrekke er sosialantropolog frå Universitetet i Bergen. Ho har fokusert på forholdet mellom natur og kultur og undersøkjer langsiktige effektar av naturkatastrofar, til dømes orkanen Katrina (2005) i New Orleans. Korsbrekke studerer klimaendringar i lys av spørsmål om sosial skilnad. Ho er opptatt av å utforske korleis klimatilpasning er forma av underliggande problematikk som gjer det vanskelegare, samstundes som ho vil finne ut meir om kva vi kan lære av dei nye formene for sosialitet som dukkar opp i krisa.
– Det er fint å ha ein arbeidsplass som gir meg nye verktøy å jobbe med. Det er utruleg gunstig å få jobbe interdisiplinært på tilpassing etter dei små og
store endringane og samanhengane som no oppstår, seier ho.