Er du interessert i bioøkonomi og korleis du kan utnytte biologiske avfallsressursar til verdiskaping?

Vestlandsforsking er partner i EU-prosjektet ENABLING og inviterer næringsliv, forvalting og produsentar av bioavfall til seminar, Workshop og studietur i Sogn.

Bioøkonomi er å skape verdiar av fornybare biologiske ressursar gjennom produksjon av mat, energi eller industrielle biobaserte produkt. Biologisk avfall og restmateriale og det «grøne» karbonet kan gå inn i verdikjeder og erstatte behovet for fossile karbonkjelder. Slik er også bioøkonomien sentral i ei omlegging mot eit berekraftig lågutleppssamfunn. Døme på biologisk avfall frå vår region er matavfall, frukt og bærrestar etter fruktpressing, mask og mesk etter ølbrygging, ,slakteriavfall, fiskeslam, husdyrgjødsel, treavfall, hageavfall, jordbruksavfall.   

Enabling – Enhance new approaches in biobased local innovation networks for growth, er eit EU-finansiert prosjekt beståande av 16 partnarar i 13 land. Hovudmålet med prosjektet er å spreie kunnskap om god utnytting og innovasjon i bioøkonomiske verdikjeder og auke produksjonen av biobaserte produkt, som kjemikaliar, tekstilar, helsekostprodukt, bioplast etc. Prosjektet søkjer å bidra til regional verdiskaping gjennom forsvarleg forvaltning av naturressursar. Nettbaserte verktøy, biomassekalkulatorar, spørjetenester og plattformar utvikla i prosjektet, skal auke kunnskapen om bioøkonomi og gjere det enklare for produsentar av biorestar å finne potensielle næringsaktørar, som kan utnytte bioressursane til biobaserte produkt. 

Vi arrangerer seminar og Workshop saman med Norges Forskingsråd, Sogn og Fjordane onsdag 12.juni kl. 10-15. Kontaktperson NFR er Merete Lunde, melu@forskningsrådet.no. Påmelding her: https://www.forskningsradet.no/arrangementer/2019/gronn-vekst-innovasjon-og-forskning-for-barekraftig-biookonomi-og-lavutslipp/Vi arrangerer også studietur torsdag 13.juni kl. 08.30-16.00, der vi besøkjer SIMAS IKS, Sogn Jord og hagebruksskule og Lærdal Grønt. 

Vi er interessert i å kome i kontakt med biomasseprodusentar (bønder, fellesfjøsar, butikkar, avfallsselskap etc.), industri og teknologibedrifter, gründerar, verkemiddelapparatet og forvaltinga, som vil auke sin kunnskap om bioøkonomi, utveksle idear med andre interesserte og utforske moglegheiter for ny verdiskaping og samarbeid. De kan gå inn på lenka: https://www.q-set.de/q-set.php?sCode=VBYBRPYYPADZog fylle ut eit enkelt spørjeskjema, som vil hjelpe oss med å planleggje neste Workshop og studietur i prosjektet.

Kontaktpersonar: 

Otto Andersen, oan@vestforsk.noprosjektleiar

Torunn Hønsi, tho@vestforsk.no forskar.