Ny stordata-forskar frå Seoul

""
Forskar Min-Sung Hong. Foto: Idun A. Husabø

Min-Sung Hong frå Sør-Korea kom til Vestlandsforsking i februar og skal forske på stordata. Den største overraskinga i møtet med Norge er all fritida som følgjer med jobben.

Aktuelt

Av Idun A. Husabø

2018 var året då Min-Sung Hong skulle gjere noko han aldri hadde drøymt om. Etter å ha disputert for doktorgraden i IT, fekk han sin første jobb i eit land han til då knapt hadde høyrt om.

Ikkje i tvil om Norge

Den nytilsette sør-koreanaren er knytt til feltet stordata, eit nokså nytt og heitt forskingsområde både i heimlandet hans og i Europa. I fjor fekk Vestlandsforsking to nye, internasjonale prosjekt som handlar om å utnytte stordata frå smarttelefonar og sosiale medium til å løyse samfunnsfunksjonar på betre måtar. Med dei nye prosjekta kom oppgåver og behov for nye forskarar. Men instituttet måtte heilt til Sør-Korea for å finne ein kandidat med den rette bakgrunnen.

Ved Chung-Ang-universitetet i Seoul sat 32 år gamle Min-Sung med eit handfast tilbod om å flytte til Norge, på den andre sida av kloden, for å bu og forske på ein liten stad. Likevel var det ikkje vanskeleg å bestemme seg.

– Professoren eg jobba for sa eg burde slå til, at det var ingenting å lure på – verken akademisk eller når det galdt Norge som land, seier Min-Sung. For å vere på den sikre sida, las han rett nok det han kunne finne av bloggar skrivne av sør-koreanarar busett i Norge. Så tok han steget ut i det ukjende.

Smarte system

Min-Sung jobbar med forskingstema folk flest veit lite om. Det handlar om å finne mønster og hente ut kunnskap frå enorme samlingar med data – opplysningar som på ulike måtar er blitt lagra ved at menneske bevegar seg rundt i verda med smarttelefonar, nettbrett og laptopar og etterlet seg informasjon. I den store dataskya ligg det nemleg eit potensial for å skape meining og nytte.

Vi har alle høyrt om korleis Facebook brukar såkalla algoritmar, eller kompliserte formlar, til å analysere oss som brukar mediet. Slik kan dei i neste omgang anbefale oss innhald ut frå det vi har valt før. Det same skjer når Netflix tek til å forstå smaken vår og føreslår TV-seriar vi faktisk har sans for. Dette feltet var kjernen i Min-Sung sin doktorgrad. Konkret tok han for seg relasjonar mellom brukarar av Facebook og korleis ein kan finne ut kor nært brukarar står kvarandre. Kunnskapen kunne brukast i ein modell som «gjettar» kva val folk vil ta rundt neste sving.

Nettopp slike modellar jobbar også stordata-forskarane med.

Kriser og transport

I dei internasjonale prosjekta Min-Sung no er innlemma i, er eitt av forskarane sine mål å kunne forutsjå korleis bestemte grupper av menneske vil te seg i framtida, til dømes under dramatiske hendingar. I denne forskinga handlar det meir om viktige samfunnsfunksjonar enn om interessene til kommersielle aktørar. Min-Sung og hans indiske mentor ved Vestlandsforsking, professor Rajendra Akerkar, er del av eit internasjonalt forskarnettverk som arbeider med bruk av stordata. I eitt prosjekt handlar det om å handtere krisesituasjonar; i eit anna er temaet transportsystem.

– Store selskap er svært interesserte i å utnytte stordata, og vi forskarar er interesserte i å arbeide med dette. Samtidig er det vanskeleg å få tilgang til data, så ofte blir løysinga at akademia og næringsliv går saman, forklarer Min-Sung.

Stille i Sogndal

Minsung kjem frå Jeonju, ein liten by i sørkoreansk samanheng, sjølv om folketalet er som i Oslo. Jeonju ligg i den sørvestlege delen av Sør-Korea, eit grøderikt landbruksområde kjend for velsmakande mat.

Sidan han vart student, har Min-Sung budd i Seoul, som saman med omlandet sitt utgjer verdas nest mest folketette område. Heile 25 millionar menneske, halve innbyggjartalet i republikken, bur anten i sjølve byen er like utanfor.

– Sør-Korea er overfylt – det er folk overalt, seier Min-Sung. Han bedyrar at sjølv om Sogndal er noko heilt anna, og for det meste uhyggeleg stille, så likar han det, og tykkjer slik ein «calm city» passar godt til forsking og fordjuping. I kontorlokala til Vestlandsforsking har han sitt eige kontor, ein luksus han set stor pris på.

– På universitetet jobba eg på ein fullstappa data-lab. Vi var alltid minst fire personar i lokalet, eller opptil 10, og det var alltid trongt. Slik er det i Sør-Korea. Her, på mitt eige kontor, er det rom for å tenke, smiler han.

Fritid for første gong

Sjølv om Min-Sung er i sin første jobb, er han godt kjend med dei tøffe kvardagane heime i Sør-Korea. Landet har i lang tid hatt ei arbeidsveke på 68 timar. I vår føreslo presidenten å kutte ned på arbeidstida. Det nye forslaget er 52-timarsveke.

Med eit slikt bakteppe er det altså ikkje rart at det som har overraska Minsung mest, er den norske innstillinga til arbeid og fritid.

– I Sør-Korea jobbar folk nesten heile tida. Nordmenn ser ut til å ha eit liv ved sidan av; arbeidet er berre ein del av livet dykkar, ein reiskap for å oppnå eit godt liv, seier Min-Sung ivrig. Heile tanken om å nyte livet, og om å få meir ut av kvardagen enn ein lang arbeidsdag, er ny for han.

– Dette trekket ved Norge imponerer meg, understrekar han, og legg til at vener og kollegaer heime nesten har problem med å tru det han fortel.

Kva skal han så gjere med all fritida han har fått?

– I starten var det uvant, men eg jobbar med å venje meg til det. Eg har teke til å gå i matbutikkar, og vil lage meir mat, seier han . For å få maten til å smake som heime, må han innom ein del butikkar for å finne dei rette råvarene. Han har òg merka at dei korte arbeidsdagane gjer noko med han:

– Eg kviler mykje meir enn før, og merkar at det gir meg nye krefter til arbeidet, seier forskaren entusiastisk.

Ein smak av fjell

Sør-Korea har både fjell og snø, som vi hugsar frå vinterolympiaden for berre ein månad sidan – det fanst berre litt lite tid til slikt.

– I Sør-Korea var eg mest innandørs, innrømmer Min-Sung.

Det han til no har hatt av nærkontakt med fjella rundt sin nye heimstad, er ein personaltur til Filefjell i mars. Spente kollegaer stod rundt skiløypa då nybyrjaren tok sine første, usikre steg med langrennsski, men ryktet seier at han heldt seg på beina.

«Skikkeleg artig», ler Min-Sung. Han veit ikkje om det blir fleire smakebitar av det ur-norske friluftslivet, men til sommaren lurer han på å utforske landskapet og Norge litt meir. Både kjærasten, som studerer i heimlandet, og rettleiaren hans frå universitetet, har sagt at dei kjem.

For det meste går det i å jobbe, lære seg norske frasar frå nettet – han demonstrerer «Jeg har smør» – og øve seg i engelsk.

Samtidig øver han på dette med å nyte at han faktisk har tid, til kva som helst, etter eit tettpakka årrekke med skule, universitet og toårig militærteneste.

– Dette er den første gongen i livet at eg faktisk kan velje å fokusere utelukkande på meg sjølv og gjere noko eg har lyst til. Det kjennest godt, seier han.