Presentasjon på konferanse om tilgjengelegheit

Høgskolen i Agder var vertskap for konferansen Technology for Partisipation (T4P) som fann stad i Kristiansand 25. - 27. juni i år. Bakgrunnen for konferansen er eit større EU-prosjekt høgskulen koordinerer. Prosjektet heiter European Internet Accessibility Obervatory (EIAO) og har som føremål å utvikla testmetodar for å måla tilgjengelegheit (accessibility) på europeiske offentlege nettstader.

Forskar Svein Ølnes heldt innlegg om erfaringar frå dei årlege kvalitetsevalueringane i offentleg sektor som har vore gjennomførte årleg sidan 2001. Det var særleg resultata for tilgjengelegheit som vart diskuterte.

Programmet for konferansen og meir informasjon om EIAO-prosjektet finn du på www.t4p.no