Verktøykasse for strategisk arbeid med innovative nettverk

Rapport

Jon Gunnar Nesse, Ingjerd Skogseid og Øyvind Heimset Larsen (2016): Verktøykasse for strategisk arbeid med innovative nettverk

Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) og Vestlandsforsking (VF) samarbeidde i prosjektet «Innovation in Rural Places – Conditions and Barriers». Prosjektet var eit VRI-prosjekt mellom 2011-2014 finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norges Forskningsråd og samarbeidspartane bidrog vesentleg med eigenfinansiering. Resultata av prosjektet har vore rapportar, kronikkar, bokkappittel, presentasjonar og artiklar. Fylkeskommunen og andre aktørar har interessert seg særskilt for å få utvikla eit nyttig verktøy som gjer bruk av ny kunnskap utvikla i prosjektet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke initiativ til eit utviklingssamarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) og Vestlandsforsking (VF). Utviklingsavtalen skal bidra til fleire og større forskingsprosjekt ved dei to institusjonane, den skal bidra til utvikling av doktorgrads- og professorkompetanse og den skal styrka den faglege utviklinga ved HSF og VF gjennom internasjonalt arbeid og nettverksbygging. I eit delprosjekt i Utviklingsavtalen har vi no utvikla ein første og enkel versjon av ein verktøykasse for utvikling, fornying og drift av innovative nettverk. Denne verktøykassa har eit teoretisk fundament, men skal vere lett tilgjengeleg og ha relevans for både næringsaktørar og verkemiddelapparat.