Aktuelt-arkiv

  • Forskingsdagane 2024

    Mikroplast, hatprat på nett, overturisme, helsekrisa i Gaza og friluftsliv som medisin, er stikkord for noko av det Vestlandsforsking tek opp under Forskingsdagane i år. Årets første arrangement blir Vitenkveld på ViteMeir fredag 20. september, deretter Speedforsking på Campus Sogndal 26. september. Laurdag 28. september Vestlandsforsking sin stand på Amfi Sogningen. Der kan du lære om Sognefjorden si helse og andre aktuelle tema frå forskinga vår, i møte med forskarar frå Vestlandsforsking.

  • Lovund

    Vestlandsforsking og Nordlandsforskning leverer kunnskap som skal hjelpe lokalsamfunn i nord med å førebu seg på klimaendringane.
    – Det er naturleg, men likevel veldig gledeleg, at det nettopp var desse to fylka som først spurde om hjelp til å analysere klimarisiko, seier Carlo Aall, senterleiar i Noradapt og leiande seniorforskar ved Vestlandsforsking.

  • Cheshta og Hilde

    Få i offentleg sektor fryktar at bruken av kunstig intelligens kan føre til diskriminering, samtidig som forsking viser at risikoen er stor. Forskarar ved Vestlandsforsking fekk nyleg ein pris for ein forskingsartikkel som kastar lys over dette.

  • statsråd

    Vestlandsforsking var sterkt til stades under Arendalsuka 2024, med seks arrangement om klima og miljø. På eitt av dei deltok statsråd Andreas Bjelland Eriksen. – Arendalsveka gav oss eit godt høve til å formidle forskinga vår, og vi er særs nøgde med deltakinga på arrangementa våre, seier direktør Anne Karin Hamre.

  • klimathon

    Klimathon 2024 byr på to dagar med diskusjonar, idéutveksling, påfyll og nye kjennskap i skjeringspunktet mellom kulturarv og klimakrise. Norsk senter for berekraftig klimatilpassing er blant arrangørane.

  • Jan Ketil Rød

    Noradapt har for andre år på rad rangert klimainnsatsen til norske kommunar. Den viser at dei kommunane som er mest påverka av klimaendringar, også er dei som gjer mest for å tilpasse seg.

  • vindkraftutbygging arealendring

    – Vi treng meir heilskapleg kunnskap om korleis endringar i arealbruk verkar inn på naturen og om korleis vi kan innrette arealbruken vår for å løyse klima- og naturkrisa, seier seniorforskar Kyrre Groven. Funnet kjem fram i ei kunnskapsoppsummering Vestlandsforsking har gjort for Forskingsrådet.

  • Arendalsveka 24 - 5

    Torsdag 15. august arrangerer Vestlandsforsking ei rekkje spennande debattar under Arendalsveka om berekraftig arealpolitikk, turisme, klimatilpassing og meir. Kom innom Teaterplassen 3 i Arendal og få med deg interessante diskusjonar og ein smak av det frodige Vestlandet.

  • Gol campingsenter eitt år etter Hans

    Noradapt og Vestlandsforsking er til stades på Arendalsuka 2024, og på eit arrangement 15. august tek vi opp kor vidt Noreg har auka innsatsen i klimatilpassinga etter dei store øydeleggingane under “Hans” og utgjevinga av den andre stortingsmeldinga om temaet. Senterleiar Carlo Aall og Vestlandsforsking-direktør Anne Karin Hamre inviterer nasjonale nøkkelpersonar til debatt.

  • Bilete av Halvor D.

    Forskingsleiar Halvor Dannevig er utnemnd til medlem av regjeringa sitt ekspertutval for samfunnsøkonomiske konsekvensar av klimaendringar i Noreg.

  • cruiseskip ved Longyearbyen

    Populære reisemål for cruiseturistar har hyra Vestlandsforsking til å skaffe kunnskap om kor mykje cruiseturisme staden bør legge opp til. I arbeidet med kunnskapsgrunnlaget, ser forskarane på meir enn klima og miljø. Kva lokalsamfunnet ønskjer seg, er òg ein del av biletet.
    – Der reiselivet før la mest vekt på kva turistane ville ha, tenker ein no òg på kva innbyggjarar og andre i reisemålet ønskjer, seier seniorforskar Agnes B. Engeset.

  • Rajendra og gjestestipendiatar

    I sommar er Vestlandsforsking vertskap for tre doktorgradsstipendiatar frå USA og India med faglege koplingar til teknologi- og samfunnsforskinga ved instituttet. Dei tre bringer òg med seg spennande innsikt i tema som arsen i risdyrking, kva pandemien gjorde med handlevanar i California og skogbrann i indiske tigerreservat. – Vi utvekslar erfaring og lærer av kvarandre, seier leiande seniorforskar Rajendra Akerkar.

  • Hamre og Hoel

    Då kunnskaps- og høgare utdanningsminister Oddmund Løkensgard Hoel besøkte Vestlandsforsking 28. mai for å drøfte framtidas forskingspolitikk, var leiinga ved instituttet tydeleg på eitt ønske: at regjeringa gjer det lettare for forskingsmiljøa å samarbeide med næringsliv og kommunar utanfor dei store byane.

    – Her er det eit tomrom når det gjeld finansiering, sa direktør Anne Karin Hamre.  

  • Kaupanger

    Når Kaupanger inviterer til open dag 16. juni, er reiselivsforskar Agnes Brudvik Engeset frå Vestlandsforsking på plass for å samle materiale til ein studie av berekraftige opplevingar i skjeringspunktet mellom natur og kultur.
    – Kaupanger har så mykje å by på av kulturarv og kystkultur som ein kan kombinere med naturopplevingar, seier forskaren.

  • hopp

    Joaquin Zenteno Hopp, som jobbar som forskar ved Vestlandsforsking, disputerer for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet 5. juni. Avhandlinga dreier seg om ansvarleg innovasjon i oppdrettsnæringa i Chile og Norge.

  • Torbjørn Selseng

    Ein aktiv fylkeskommune er avgjerande for klimatilpassingsarbeidet i kommunane, viser ny forsking frå Noradapt.

  • Årdal kommune

    Med utgangspunkt i industrikommunen Årdal skal Vestlandsforsking bidra til å utvikle ein ny, samla metode for å vurdere risikoen som følgjer med klimaendringar, tap av naturmangfald, og omstilling av samfunnet.
    – Så vidt vi har klart å finne ut, er det aldri laga en slik metode før, seier Noradapt-leiar Carlo Aall.

  • øyvind i trapp

    Vestlandsforsking er medarrangør og har fleire roller i Fjordkonferansen i Loen 6.-7. juni. Den tverrfaglege konferansen har i år temaet regional konkurransekraft.
    - Det er viktig for oss på Vestlandsforsking å formidle kunnskap vi utviklar om tema som er særleg relevante for Vestlandet, seier Øyvind Heimset Larsen, som har vore med på å planlegge årets konferanse.

  • lokale grønsaker

    Vestlandsforsking har på oppdrag frå fylkeskommunen kartlagt aktørar og utviklingsprosjekt knytt til lokalmat i Vestland fylke og gitt strategiske råd. Rapporten blir eit grunnlag i fylkeskommunen sin innsats for å styrke salet av lokalmat i Vestland. – Vi tilrår mellom anna å kople lokalmat tettare saman med reiselivsnæringa, seier seniorforskar Kristin Løseth.

  • torbjørn og bror

    Noradapt har utvikla eit nytt verktøy som viser kor langt ein har kome i arbeidet med klimatilpassing i i ulike delar av samfunnet. Bror Kristian Tandberg ved Vestlandsforsking presenterte tenesta på den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2024 i Sogndal 23. april.