Nytt styre for Vestlandsforsking

VF-styret 2024
Styret ved Vestlandsforsking 2024

Styret for Vestlandsforsking var samla til sitt første styremøte og styreseminar i Sogndal 14. mars. Styreleiar er Silja Ekeland Bjørkly (til venstre).

Sitjande frå venstre er styreleiar Silja Ekeland Bjørkly, vararepresentant for dei tilsette, Øyvind Heimset Larsen, nestleiar Sigurd Erlend Reksnes, Anders Waage Nilsen på video, Åslaug Krogsæter, Erik Kyrkjebø og Tone Fløtten. Tilsettrepresentant Hilde G. Corneliussen hadde forfall til møtet.

Dei seks eksterne styremedlemmene er oppnemnde av Vestland fylkeskommune for ein periode på fire år. Fylkeskommunen har oppnemnt følgjande varamedlemmer for same periode: Petter Sortland, Beate Dybendal Nordvik, Ellen-Marie Forsberg, Jørn Mortensen og Siri Fahlvik Pettersen.