Ny rangering av norske kommunar: Korleis fordeler klimarisikoen seg i framtida?

Torbjørn presenterer i Arendal

Kva kommunar blir mest påverka av klimaendringar i framtida? Kven er mest sårbare for det som kjem? Og kven gjer mest for å tilpasse seg? Dette svarar vi på i Noradapt si aller første klimarangering av norske kommunar, som no er klar.

Ekstremvêret "Hans", som råka Sør-Noreg 7.-9. august og førte til jordskred og flaum, er den siste i rekka av påminningar om at klimaet endrar seg og at vi er nøydde til å tilpasse samfunnet vårt til eit villare klima. Men kor endrar klimaet seg mest og kven i samfunnet gjer mest for å tilpasse seg?

Hønefossen etter "Hans" i aug 2023
"Hans" viste kor sårbare mange innlandskommunar er for flaum. Her frå Hønefossen på Ringerrike. (Foto: Ssu – Eget verk, CC BY-SA 4.0)

Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt), som Vestlandsforsking driv på vegner av åtte norske fagmiljø, har samla data både om endringane vi kan forvente i klima og i samfunnet vårt. Dette ser vi i samanheng med innsatsen i kvar kommune for å førebu seg på klimaendringane. Til saman gir det oss eit bilete av den samla klimarisikoen for kommunane i framtida.

Rangeringa er den første nokosinne som ser klimaendringane og samfunnsendringane i samanheng på denne måten. Grunnlaget for rangeringa er 12 indikatorar: fire som gjeld korleis ein kommune blir påverka av klimaendringar, fire som dreier seg om korleis ein kommune er sårbar for klimaendringar og fire indikatorar for kommunen si tilpassing til klimaendringane.

Her kan du sjå resultatet av rangeringa og lese om korleis forskarane har tenkt, kva data som er brukt og kva materialet kan brukast til.

Sjå opptak av presentasjon på Arendalsuka 15. august 2023