Verktøykasse for utvikling av innovative nettverk

""
Prosjektmøte, frå venstre: Ingjerd Skogseid, Jon Gunnar Nesse, Øyvind Heimset Larsen og Kristine Skarbø

Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking samarbeidde i prosjektet "Innovation in Rural Places - Conditions and Barriers". Prosjektet var eit VRI-prosjekt mellom 2011-2014 finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norges Forskningsråd.

Aktuelt

Fylkeskommunen og andre aktørar har særskilt interessert seg for å få utvikla eit nyttig verktøy som gjer bruk av ny kunnskap utvikla i prosjektet, og dette er no samla i rapporten: Verktøykasse for utvikling av strategisk arbeid med innovative nettverk skriven av Jon Gunnar Nesse, Ingjerd Skogseid og Øyvind Heimset Larsen.

Sjå også meir informasjon på nettsida til Sogn og Fjordane fylkeskommune: Korleis arbeide med innovative nettverk?

Arbeidet med verktøykassa vil no bli grunnlag for eit internasjonalt prosjekt.