Klimaprosjekt frå VF på italiensk TV

Ekstremregn, underdimensjonerte avløpsrøyr og korleis ein kan hindre at kjellarar blir våte dersom havet stig. Dette er noko av det italiensk frukost-TV ville høyre om då dei besøkte Fredrikstad for å rapportere heim om klimatilpassing.

Fredrikstad kommune samarbeider tett med Vestlandsforsking med å analysere korleis dei er sårbare for klimaendringar, og med å finne tiltak for å motverke slik sårbarheit i framtida. Italienarane i TV-selskapet RAI var interesserte i å sjå korleis eit lokalsamfunn i et anna europeisk land håndterer konsekvensane av klimaendringar.

–Vi har eit program som heiter «God Morgon Europa». Her samanliknar vi situasjonen i Italia med det som skjer andre stader i Europa, seier tv-journalisten Enrico Rotondi til nettutgåva av Fredrikstad blad. Han lot seg fascinere av Fredrikstad sitt arbeid med å ta tak i utfordringane, men òg av moglegheitene som finst viss ein planlegg godt.

Samarbeidet mellom Fredrikstad kommune og Vestlandsforsking er ein del av prosjektet Lokal klimatilpassing og klimasårbarheit i Noreg (NORADAPT). Prosjektet vidareutviklar ein modell for klimasårbarheitsanalysar basert på bruk av scenario, og prøver analysene ut i ni norske kommunar. Cicero senter for klimaforsking (prosjektleiar) og Vestlandsforsking gjennomfører prosjektet i samarbeid med Met.no og Østlandsforsking. Arbeidet er finansiert av Norges forskningsråd.


Artikkel i Fredrikstad Blad
Om Noradapt-prosjektet